Songen Maybe Tomorrow av The Iveys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maybe Tomorrow
Singel av The Iveys
frå albumet Maybe Tomorrow
B-side

«And Her Daddy's a Millionaire»

Utgjeve 15. november 1968
Innspelt 1968
Sjanger Barokk pop[1]
Lengd 2:51
Selskap Apple
Låtskrivar(ar) Tom Evans
Produsent Tony Visconti
The Iveys-kronologi 
Maybe Tomorrow «Dear Angie»
(1969)


«Maybe Tomorrow» er ein song skriven og sungen av gitaristen Tom Evans frå The Iveys. Songen vart gjeven ut som den første singelen deira på Apple Records. Songen var tittelsporet på albumet Maybe Tomorrow og var med på Badfinger-albumet Magic Christian Music som kom ut i 1970.

Historie[endre | endre wikiteksten]

The Iveys vart sett på som eit ungt og lovande, Beatles-aktig band av Apple Records, og den første singelen vart vald ut med omhu. Valet landa på «Maybe Tomorrow» på grunn av dei svulstige strykarane som produsenten Tony Visconti la til. Paul McCartney forsikra The Iveys personleg om at songen kom til å bli ein hit. Men songen gjorde det dårleg i Storbritannia og nådde berre 67. plassen på Billboard-lista i USA. Trass i dette nådde songen overraskande toppen av den nederlandske singellista, og vart ein stor hit elles i Europa og i Japan.

Apple hadde planlagt at songen skulle bli tittelsporet på debutalbumet til The Iveys på grunn av den regionale suksessen. Men før albumet kom ut, tok Allen Klein over som sjef for Apple Corps. Klein stoppa utgjevinga av albumet utanom i land der «Maybe Tomorrow» hadde vore ein hit.

Då Apple valde å ta med eldre songar på den «første» Badfinger-plata, det halvvegs filmmusikkalbumet Magic Christian Music, vart begge singlane til The Iveys tekne med. Dermed er «Maybe Tomorrow» òg ein Badfinger-song.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1971 spelte det mexicanske bandet El Amor inn songen på debutplata si.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Badfinger - Magic Christian Music». Allmusic. Henta 20. januar 2015.