Songen Piano Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piano Man
Singel av Billy Joel
frå albumet Piano Man
B-side

«You're My Home»

Språk engelsk
Utgjeve 2. november 1973
Innspelt 17–20. og 26. september 1973 i Los Angeles
Sjanger Softrock, folkrock
Lengd 5:38, 4:30 (singel)
Selskap Monument Records
Tekstforfattar Billy Joel
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Michael Stewart
Billy Joel-kronologi 
Piano Man «Worse Comes to Worst»
(1974)


«Piano Man» er ein song av Billy Joel og den første singelen han gav ut. Singelen kom ut 2. november 1973 og han vart òg gjeven ut på albumet med same namn. Dette vart den første store hitten og er signaturlåten hans. Songen nådde 25. plassen på Billboard Hot 100-lista i april 1974.[1]

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Piano Man» er ei oppdikta attforteljing av hendingar Joel opplevde då han arbeidde som barsongar i seks månader i 1972 i Executive Room i Los Angeles. Joel har sagt at personane han skildrar i songen er basert på verkelege personar.[2] Joel hadde flytta frå New York til L.A. for å spele inn det første albumet sitt, Cold Spring Harbor, som vart øydelagd av ein mastering-feil av plateprodusentane på Family Productions, det første selskapet Joel hadde kontrakt med. Etter dette ønskte Joel å kome seg ut av denne kontrakten og singerte for Columbia Records, men fordi han alt hadde kontrakt med Family vart dette særs vanskeleg for han. Så Joel har forklart at han «gøymde seg» i baren og spelte under namnet Bill Martin, medan advokatane til Columbia Records prøvde å få han laus frå den første avtalen.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Versa i songen er sungen frå synspunktet til ein pianist i ein bar og fokuserer hovudsakleg alle andre i baren: ein gammal mann, bartenderen John, servitrisa, forretningsmannen og faste folk i baren som eigedomsmeklaren Paul og marinesoldaten Davy. Dei fleste av desse personane har øydelagde eller uoppfylte draumar, og jobben til pianisten er å få dei til å gløyme livet sitt for ei stund. Refrenget kjem frå folket i baren og seier «Sing us a song, / You're the piano man; / Sing us a song tonight. / Well, we're all in the mood for a melody, / And you've got us feeling all right.»

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Han vart først gjeven ut som det andre sporet på albumet Piano Man og sidan på fleire samleplater.

Då songen vart gjeven ut på singel vart han rekna som for long av Columbia Records (5 minuttar og 38 sekund), så to vers vart kutta i to og sett saman til eitt, slik at singelen vart 4 minuttar og 33 sekundar lang. Songane vart òg miksa på ny der instrument som akustisk gitar og munnspel kjem tydlegare fram. Billy Joel referete til dette i den seinare songen «The Entertainer» der han syng «It was a beautiful song, but it ran too long / If you're gonna have a hit, you gotta make it fit / So they cut it down to 3:05.»

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Billy Joel skreiv og framførte songen i C-dur. Han går i ein 3/4 valsetakt, og byrjar med ein jazzaktig pianosolo, før piano- og munnspelintroen starta. Verset og refrenget består av ei fallande basslinje i C, som endar i ei D - G-vending. Instrumenta på versjonen frå 1973 er piano, munnspel, bass, trekkspel, mandolin og trommer.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7" US singel (1973)[endre | endre wikiteksten]

  1. «Piano Man» - (4:30)
  2. «You're My Home» - (3:08)

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Det vart laga ein video for songen i 1974, då songen var på sitt mest popuære. Han syner Joel i ein typisk amerikansk bar, der han framfører songen. Ein ny video vart filma i 1985, i omtrent same stil som den originale videoen. Den originale videoen nytta ein alternativ versjon av songen, medan den nye videoen nytta albumversjonen.

Popularitet[endre | endre wikiteksten]

Då songen kom ut i 1974 vart songen ein mindre hit, men vart ikkje så mykje spelt på radio dei neste tre-fire åra. I 1977, då albumet The Stranger kom ut og Joel fekk det store gjennombrotet, vart songen raskt ein av dei mest velkjende og elska songane hans. Han vert i dag rekna som signaturlåten til Joel, dels på grunn av tittelen. Songen er framleis populær i dag og er den mest selde Joel-songen på iTunes (per februar 2014).

«Piano Man» vart rangert på 421. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene i 2004 og på 429. plass på den oppdaterte lista frå 2010.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973–1974) Plassering
Australia 20
Canadian Singles Chart[4] 10
U.S. Billboard Hot 100 25
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 4
Liste (2013) Plassering
Irish Singles Chart[5] 83
Liste (2014) Plassering
Nederland[6] 56

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1980 spelte den spanske songaren Ana Belén ein spansk versjon av songen kalla «El Hombre del Piano».

«Weird Al» Yankovic spelte ein parodi av songen kalla «Ode to a Superhero» som handlar om plottet i filmen Spider-Man på albumet Poodle Hat i 2003.

Den finske songaren Ari Koivunen spelte ein versjon av «Piano Man» på albumet hans Fuel for the Fire i 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]