Songen Pretend (1952)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Pretend» er ein popsong skriven i 1952 av Dan Belloc, Lew Douglas, Cliff Parman og Frank Levere.

Den mest kjende innspelinga, av Nat King Cole,[1] kom ut på Capitol Records og gjekk inn på Billboard Best Seller-lista den 31. januar 1953. Han låg 20 veker på lista og nådde tredjeplassen.[2] Han nådde òg andreplassen på UK Singles Chart i mai 1953. Cole spelte seinare inn songen i 1961 for albumet The Nat King Cole Story.

Innspelinga til Ralph Marterie kom ut på Mercury Records og nådde Billboard Best Seller-lista 7. februar 1953 på 16. plassen.[2]

Innspelinga til Eileen Barton kom ut på Coral Records og gjekk inn på Billboard Best Seller-lista 7. mars 1953 og nådde 18. plassen.[2]

Cash Box-lista, der alle versjonane av songen vart kombinerte, nådde songen femteplassen i 1953.

Songen vart sidan spelt inn av Tab Smith, som nådde 89. plassen på Billboard-lista i 1957, og av Carl Mann som nådde 57. plassen på Billboard og 56. plassen på Cash Box i 1959.

Alvin Stardust sin versjon vart populær i Storbritannia i 1981 då han nådde fjerdeplassen på UK Singles Chart. Denne var i stor grad basert på utgåva til Carl Mann frå 1959.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Gilliland, John (1969). «Show 22 - Smack Dab in the Middle on Route 66: A skinny dip in the easy listening mainstream. [Part 1]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Record Research. 
  3. «Henri René And His Orchestra - Pretend». 45cat.com. Henta 2. mai 2021. 
  4. «Tielman Brothers». Discogs.com. Henta 28. januar 2018. 
  5. Johnny Preston, Running Bear, Discogs.com, Henta 10. september 2015.
  6. Buzz Clifford, «My Girl» single release, 45cat.com, Henta 20. januar 2016.