Roi av Bilal Hassani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Songen Roi)
«Roi»
Song av Bilal Hassani
Land Frankrike
Språk Fransk, engelsk
Utgjeve 11. januar 2019
Sjanger Pop
Lengd 02:57
Selskap Low Wood
Komponist Bilal Hassani, Madame Monsieur
Tekstforfattar Bilal Hassani, Madame Monsieur
Låtskrivar(ar) Bilal Hassani, Madame Monsieur, Medeline

«Roi» (norsk 'konge') er ein fransk popsong frå 2019 med den franske songaren Bilal Hassani. Songen er skriven av Hassani saman med duoen Madame Monsieur og Medeline. «Roi» vann den franske musikktevlinga Destination Eurovision 2019 på France 2 og var det franske bidraget i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Songen vart utgjeven for digital nedlasting 11. januar 2019 gjennom merket Low Wood.[1]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Roi» vart skriven av Hassani og den franske duoen Madame Monsieur, som representerte Frankrike i Eurovision Song Contest 2018 med songen «Mercy».

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Bilal Hassani framfører «Roi» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.

6. desember 2018 vart Bilal Hassani stadfesta som ein av 18 deltakarar i den franske musikktevlinga Destination Eurovision 2019 med songen «Roi».[2] Han kvalifiserte seg til finalen frå den fyrste semifinalen 12. januar 2019, etter å ha kome på fyrsteplass hos juryane og i telefonavrøystinga.[3] Hassani vann deretter finalen 26. januar etter å vorte nummer fem hos dei internasjonale jurygruppene. Han fekk likevel nok poeng i telefonavrøystinga til å vinne heile Destination Eurovision.[4]

«Roi» vart dimed det franske bidraget i Eurovision Song Contest 2019, der han deltok i finalen laurdag 18. mai i Tel Aviv. Songen enda til slutt som nummer 16 av 26 bidrag med 105 poeng.[5]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

15. februar vart den offisielle musikkvideoen til «Roi» sloppen på YouTube. Musikkvideoen finn stad på eit stort teater, der Hassani sit i garderoben sin bak scena. Filmen viser fyrst Hassani utan sminke og sin velkjende bobfrisyre-parykk. Han går deretter på scena og syng «Roi». Framføringa er tydeleg inspirert av Édith Piaf sine kjende chanson-framføringar.[6]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2019) Høgaste

plassering

  Belgia, Vallonia (Ultratip)[7] 4
  Frankrike (SNEP)[8] 23

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Roi – Single par Bilal Hassani». Henta 27. januar 2019. 
  2. «France: Destination Eurovision 2019 Semi-Finalists Revealed». Eurovoix. 6. desember 2018. Henta 6. desember 2018. 
  3. Herbert, Emily (12. januar 2019). «France: Destination Eurovision Semi-Final One Results». Eurovoix. 
  4. Escudero, Victor M. (27. januar 2019). «France: Bilal Hassani crowned king of 'Destination Eurovision'!». European Broadcasting Union. Henta 7. februar 2019. 
  5. «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019. 
  6. Padraig Muldoon (15. februar 2019). «WATCH: France’s Bilal Hassani releases official music video for “Roi”». Wiwibloggs. Henta 18. februar 2019. 
  7. «Bilal Hassani – Roi». Henta 28. april 2019. 
  8. «Le Top de la semaine : Top Singles (téléchargement + streaming) – SNEP (Uke 6, 2019)» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 11. februar 2019.