Songen Scary Monsters (and Super Creeps)
Scary Monsters (and Super Creeps) Singel av David Bowie frå albumet Scary Monsters (and Super Creeps) |
||
B-side | «Because You’re Young» | |
---|---|---|
Utgjeve | 2. januar 1981 | |
Innspelt | Power Station, New York Good Earth, London April 1980 |
|
Sjanger | Rock, Post-punk | |
Lengd | 3:27 (singel) 5:10 (album) |
|
Selskap | RCA Records BOW 8 |
|
Produsent | David Bowie, Tony Visconti | |
David Bowie-kronologi | ||
«Fashion» (1980) |
Scary Monsters (and Super Creeps) | «Up the Hill Backwards» (1981) |
«Scary Monsters (and Super Creeps)» er tittelsporet på albumet til David Bowie frå 1980, Scary Monsters (and Super Creeps). Songen vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet i januar 1981. Sidan han kom ut etter dei to tidlegare hitsinglane frå Scary Monsters, «Ashes to Ashes» i august 1980 og «Fashion» i oktober same året, meinte NME-kritikarane Roy Carr og Charles Shaar Murray at det «føyde seg inn i rekka av den gamle tradisjonen i å mjølke album så langt det var mogeleg».[1]
Musikalsk er songen merkverdig for sologitaren til Robert Fripp og den særeigne syntetiske perkusjonen. Teksten, sungen av Bowie i ein slags cockney-aksent, omhandlar ei kvinne som trekkjer seg attende frå verda og vert galen («When I looked in her eyes they were blue but nobody home ... Now she's stupid in the street and she can't socialise»). Tematisk er songen samanlikna med Joy Division sin «She's Lost Control» (1979),[1] og til den «klaustrofobiske romansen» i samarbeidet med Iggy Pop i 1977 på albuma The Idiot og Lust for Life.[2]
Den redigerte singelen nådde 20. plass i Storbritannia. I tillegg til vinyl vart singelen òg gjeven ut på kassett. Songen har vorte spelt ein del på konsertane til Bowie.
Innhaldsliste
Innhald[endre | endre wikiteksten]
- «Scary Monsters (and Super Creeps)» (Bowie) – 3:27
- «Because You're Young» (Bowie) – 4:51
Den franske utgåva av singelen hadde «Up the Hill Backwards» som B-side.
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Musikarar:
- David Bowie: Vokal, klaverinstrument
- Robert Fripp: Gitar
- George Murray: Bass
- Dennis Davis: Trommer
- Tony Visconti: Akustisk gitar på «Scary Monsters (and Super Creeps)»
- Pete Townshend: Gitar på «Because You’re Young»
Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]
- Bowie framførte songen på Saturday Night Live den 8. februar 1997. Dette vart seinare gjeven ut på albumet Saturday Night Live - 25 Years Volume 1.
- Bowie og Reeves Gabrels spelte ein heilakustisk countryversjon av songen for radiostasjonen WRXT i Canada den 16. oktober 1997.
- Bowie spelte songen med Nine Inch Nails fleire gonger under Outside-turneen.
Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]
- Songen finst på samleplatene:
- Golden Years (1983)
- The Singles Collection (1993)
- Best of Bowie (2002)
- The Best of David Bowie 1980/1987 (2007)
- Han finst i musikken til videospelet Gran Turismo (1998).
Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]
- Frank Black - Konsert i lag med David Bowie
- Ex-Voto - Goth Oddity: A Tribute to David Bowie (1999)
- Sepulcrum Mentis - The Dark Side of David Bowie: A Tribute to David Bowie (1997)
- Tides of Mars - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)
- Superchunk - Cup of Sand
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Scary Monsters (and Super Creeps) (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5
- ↑ 1,0 1,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.112-115
- ↑ Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.180
|
|
---|---|
Studioalbum |
|
Med Tin Machine | |
Konsertalbum | |
Filmmusikk | |
EPar | |
Samleplater | |
Plateboksar | |
Konsertvideoar | |
Turnear | |
Tilknytte artistar | |
Tilknytte artiklar |