Songen Separate Ways av Elvis Presley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Separate Ways
Singel av Elvis Presley
B-side

«Always on My Mind»

Språk engelsk
Utgjeve November 1972
Innspelt 27. mars 1972
Sjanger Pop, country
Lengd 2:38
Selskap RCA
Komponist Richard Mainegra, Red West
Tekstforfattar Red West, Richard Mainegra
Låtskrivar(ar) Red West, Richard Mainegra
Elvis Presley-kronologi 
«Burning Love»

(1972)

Separate Ways «Steamroller Blues»

(1973)


«Separate Ways» er ein song skriven av Red West og Richard Mainegra og spelt inn av Elvis Presley den 27. mars 1972. Songen vart gjeven ut på singel med «Always On My Mind» som B-side. Singelen selde til gullplate i USA for over ein halv million selde eksemplar. Han vart oppført som ei dobbel A-side her og nådde 16. plassen på magasinet Billboard's Hot Country Singles-lista i november 1972.[1] I Storbritannia var «Always On My Mind» hitsongen og «Separate Ways» var B-sida.

Songinformasjon[endre | endre wikiteksten]

Richard Mainegra sa følgjande om songen:

Det er ikkje å ta hardt i å sei at å få Elvis til å spele ein av songane mine var eit høgdepunkt i karrieren min. Eg var berre 22 år gammal då og hadde akkurat byrja i musikkindustrien. Eg var så oppglødd over å få halde på med akkurat det eg alltid hadde ønska meg. Eg hadde berre skrive kring tre songar så langt. Eg hadde stjerne i augo mine, men var ikkje klar for det som så skjedde.
Red West, som var medlåtskrivar på songen, var ein av «Memphis Mafia» - livvaktene og kompisane til Elvis. På den tida var han sjef for eit forlagsselskap eg kom i kontakt med eit år før. Ein dag hadde eg ein melodi som Red likte særs godt, så han byrja å skrive ein tekst. Etter ei stund kunne eg sjå i augo hans at han meinte me hadde noko spesielt på gang. Me byrja å dra historia mot brotet til Elvis og Prscilla og korleis det påverka dottera deira. Han sa då songen var ferdig at Elvis kom til å spele han inn. Eg let det gå inn det eine øyra og ut det andre. Eg tenkte «Det er ikkje mogeleg!» For det første, kvifor skulle Elvis ville syngje om livet sitt, som alt vart drege gjennom media kvar dag, og for det andre var det ikkje snakk om at vesle meg skulle få ein artist, som fekk songar frå alle låtskrivarar i verda, til å syngje min song!
Red ringde meg ein kveld nokre månader seinare og spelte ein tidleg miks av innspelinga - Eg høyrte faktisk på ELVIS PRESLEY syngje songen eg hadde vore med å skrive! Eg har aldri vore meir ovanpå i livet nokon gong! Me fekk til slutt vite at songen skulle ut på eit album. Stundom spelar ein artist inn songen din, men han er ikkje blant dei siste 10-12 songane som faktisk kjem med på albumet. Eit par månader seinare, etter me alle hadde flytta til Nashville, fekk me vite at han skulle bli B-sida til singelen «Always on My Mind». Kor kult var ikkje det!!! Ganske store artistar ønskte songane mine sidan den gong, men det har aldri kome opp mot den kjensla eg fekk første gongen eg høyrte The King syngje ein song eg hadde laga![2]

I 1973 spelte Andre Kostelanetz and His Orchestra «Separate Ways» på albumet Last Tango In Paris.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Top 20 Country Billboard Singles». The Official Elvis Presley Website. 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 31. januar 2012, henta 22. juni 2017 
  3. https://www.youtube.com/watch;v=HpPBhp0A0hU