Songen Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band
Singel av The Beatles
frå albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band
B-side «A Day in the Life»
Utgjeve 14. august 1978 (US)
30. september 1978 (UK)
Innspelt 1. februar–6. mars 1967, EMI, London
Sjanger psykedelisk rock,[1] hardrock[2]
Lengd
  • 1:59 (openingsspor)
  • 1:20 (reprise)
  • 4:46 (singel)
Selskap Parlophone, Capitol, EMI
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
Amerikansk The Beatles-kronologi
«Ob-La-Di, Ob-La-Da»
(1976)
Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band «The Beatles Movie Medley»
(1982)


«Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band» er ein song skriven av Paul McCartney (tilskriven Lennon–McCartney), og først spelt inn og gjeven ut i 1967 for albumet med same namn av The Beatles. Songen er to gonger på albumet: som opningsspor (som glir inn i «With a Little Help from My Friends»), og som «Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band (Reprise)», den nest siste songen på albumet (som glir over i «A Day in the Life»). Som tittelspor introduserer teksten det oppdikta bandet som spelar på albumet.

Etter at albumet kom ut har «Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band» òg blitt gjeven ut på forskjellige Beatles-singlar og samleplater. Songen har òg blitt framført av fleire andre artistar, som Jimi Hendrix, U2 og ei komisk tolking av Bill Cosby.

Låtskriving og innspeling[endre | endre wikiteksten]

I november 1966, på ein flytur attende til England etter ein ferietur, fekk McCartney ideen om eit rollespel for eit heilt album, der kvar av medlemmane i The Beatles vart eit alter-ego i «Lonely Hearts Club Band», som så skulle spele ein konsert føre eit publikum. Inspirasjonen skal ha kome då scenearbeidaren Mal Evans spurte McCartney kva bokstavane «S» og «P» stod for på serveringsbrettet dei fekk på flyet. McCartney forklarte at det stod for salt og pepper. Dette førte så til konseptet for Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band, i tillegg til ideen om songen.[3][4]

Turnémanageren Neil Aspinall føreslo ideen om at Sgt. Pepper skulle vere compère, og at songen skulle kome opp att mot slutten av albumet.[5] The Beatles spelte inn songen i Abbey Road studio 2, med George Martin som produsent og Geoff Emerick som lydteknikar. Arbeidet på songen byrja 1. februar 1967, og etter tre innspelingsdagar var songen ferdig 6. mars 1967.[6]

Songstrukturen[endre | endre wikiteksten]

På albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band opnar songen med lyden av eit publikum som skravlar og eit orkester som stemmer instrumenta sine, som kom frå eit opptak 10. februar av orkesteret til «A Day in the Life».[7] Publikumslydane vart redigert inn i songen og vart spelt inn tidleg i 1960-åra av Martin, under eit konsertopptak for sceneshowet Beyond the Fringe. Songstrukturen:

  1. Introduksjon (instrumental)
  2. Vers
  3. Mellomspel (instrumental)
  4. Refreng
  5. Mellomspel
  6. Vers
  7. Solo og overgang til «With a Little Help from My Friends».[6]

Songen er i G-dur med ein 4/4-takt. Ein valthornkvartett vart nytta til å fylle ut instrumentalpartia.[6]

«Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band (Reprise)» er ein reprise av songen i eit kjappare temp og med tyngre instrumentering.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Songen vart opphavleg gjeven ut i Storbritannia den 26. mai 1967 og i USA den 2. juni 1967 på albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band.[6]

Då avtalen til The Beatles med EMI gjekk ut i 1976, kunne EMI gje ut musikken frå Beatles-katalogen på ny, og i 1978 gav dei ut «Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band»/«With a Little Help from My Friends» som A-sida til ein singel, med «A Day in the Life» som B-side. Singelen kom ut på Capitol i USA den 14. august og nådde 71. plassen på Billboardlista den 30. september 1978, der han låg i to veker. Singelen vart gjeven ut på Parlophone i Storbritannia i september.[8][9]

Land Liste Plassering
UK Music Week 63[10]
US Billboard Hot 100 71[11]
US Cash Box 92[12]
US Record World 103[13]

Den originale innspelinga av songen kom ut på samlealbuma 1967-1970 (1973) og Yellow Submarine Songtrack (1999). Ein gjennomgang av reprisen er med på albumet Anthology 2 (1996).

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Full versjon:

Reprise:

Personell per Ian MacDonald, Mark Lewisohn og Olivier Julien.[14][15][16]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Live 8 i Hyde Park i London i 2005

I 1967 spelte Jimi Hendrix songen på ein konsert på Saville Theatre i Shaftesbury Avenue, med løyve frå Brian Epstein, berre tre dagar etter han kom ut på plate, og med McCartney og Harrison i publikum.[17][18] Eit konsertopptak av Hendrix vart spelt inn i Isle of Wight-festivalen og kom ut på albumet Blue Wild Angel: Live at the Isle of Wight.

«Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band» vart aldri framført på konsert av The Beatles. Han vart derimot framført av tre av bandmedlemmane (McCartney, Harrison and Starr) i tillegg til Eric Clapton den 19. mai 1979 på bryllaupsfesten til Clapton.[19]

Paul McCartney spelte songen på The Paul McCartney World Tour i 1989–90.[20] På andre turnear spelte han repriseversjonen og brukte han som intro til «The End». Då versjonen kom ut stod han trykt som «Sgt. Pepper's/The End».

I 1988 spelte puddelrockbandet Zinatra songen på ein arenaturné i Europa, der dei opna for David Lee Roth.[21] Zinatra spelte òg songen med tittelen «Peppermania» på debutalbumet deira i 2004.[22]

McCartney og U2 spelte songen på byrjinga av Live 8-konserten i Hyde Park i London den 2. juli 2005.[23] Songen, som byrjar med «It was twenty years ago, today» («det er tjue år sidan i dag»), vart valt fordi det var omtrent tjue år sidan Live Aid hadde funne stad.[24] Songen vart gjeven ut på singel på iTunes, og sette verdsrekord for den raskast seljande nettbaserte utgjevinga nokon gong.[25]

I 2007 spelte Bryan Adams og Stereophonics inn begge versjonane av songen for It Was 40 Years Ago Today, ein fjernsynsfilm der nyare artistar spelte inn albumet i same studio og med same teknikarar og innspelingsutstyr som på originalen.[26]

Den 4. april 2009 framførte McCartney songen på ein veldedig konsert i Radio City Music Hall i New York og han glei inn i «With a Little Help From My Friends», som var sungen av Starr.[27]

I 2009 gav Cheap Trick ut eit konsertalbum og ein DVD kalla Sgt. Pepper Live, der dei speler heile albumet.

I 2011 framførte Robbie Williams songen på Take That sin Progress-turné, og erstatta «Sgt Pepper's Lonely Hearts Club Band» med «Robbie Williams and the Take That Band», og «Mr Martin told the Band to play» – ein referanse til manageren til Take That i 1990-åra, Nigel Martin-Smith.

I 2013 vat songen framført av besetninga i TV-serien Glee og episoden «Tina in the Sky with Diamonds».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «review av songen». Richie Unterberger. Henta 1. januar 2011. 
  2. MacDonald 2005, s. 233.
  3. Miles 1997, s. 303–304.
  4. The Beatles 2003, Episode 6, 0:41:54.
  5. The Beatles 2003, Episode 6, 0:43:21.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Pollack 1995.
  7. Lewisohn 1988, s. 101.
  8. IMDb 2007.
  9. Haber 2007.
  10. Harry 2000, s. 261.
  11. Wallgren 1982, s. 123.
  12. Harry 2000, s. 271.
  13. Harry 2000, s. 273.
  14. MacDonald 2005, s. 232, 248.
  15. Lewisohn 1988, s. 95, 101, 107.
  16. Julien 2008, s. 59.
  17. The Beatles 2003, Episode 6, 0:59:39.
  18. NME 2007.
  19. Womack 2014, s. 158.
  20. Epstein 2007.
  21. «Zinatra Concert Setlist at Olympen, Lund on 7. desember 1988 – setlist.fm». setlist.fm. 
  22. «Zinatra Zinatra (CD Album)- Spirit of Metal Webzine (en)». 
  23. BBC News 2005.
  24. Ansaldo 2005.
  25. Softpedia 2007.
  26. BBC News 2007.
  27. «Paul McCartney and Friends: Change Begins Within». Radio City Music Hall. New York, NY: Madison Square Garden. Arkivert frå originalen 21. januar 2010. Henta 27. mars 2010.