Songen Surfer Girl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Surfer Girl»
Singel av The Beach Boys
frå albumet Surfer Girl
Utgjeve 22. juli 1963
Innspelt 12. juni 1963
Sjanger Pop
Lengd 2:26
Selskap Capitol Records
Tekstforfattar Brian Wilson
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi 
«Surfin' U.S.A»
(1963)
«Surfer Girl» «Be True to Your School»/«In My Room»
(1963)


«Surfer Girl» er ein song skriven og sunge av Brian Wilson for The Beach Boys. Han vart gjeven ut som singel og på albumet med same namn, Surfer Girl i 1963. B-sida til singelen var «Little Deuce Coupe». Singelen var den første Beach Boys-songen der Brian Wilson står oppført som produsent.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen er skriven av Brian Wilson og var ein av dei første han skreiv. Songen vert stundom rekna som ei hyllest til hans dåverande kjæraste Judy Bowles, men vart ikkje skriven til nokon særskild person. Songen har same taktart som «When You Wish upon a Star».

Wilson forklarte at han skreiv songen medan han køyrte bil. Han song songen inne i hovudet sitt, og då han kom heim skreiv han ferdig songen, sette harmoniane saman og kalla han «Surfer Girl».

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen spelte først inn songen ved World Pacific Studios den 8. februar 1962, som var første gongen bandet var i studio. Denne utgåva vart først gjeve ut mange år seinare.

Instrumentsporet og vokalen for den offisielle utgåva vart spelt inn ved Western Recorders den 12. juni 1963. Innspelinga vart produsert av Wilson, og i lag med «Little Deuce Coupe», var dette den første songen der han er tilskriven som produsent. Musikarane på songen er David Marks og Carl Wilson på gitar; Brian Wilson på bassgitar og Dennis Wilson på trommer. Songen vert sunge av gruppa - Mike Love, Carl & Dennis Wilson - med Brian Wilson på solovokal.

Singelen[endre | endre wikiteksten]

«Surfer Girl» vart gjeven ut som singel med «Little Deuce Coupe» på Capitol Records i USA den 22. juli 1963. Singelen nådde Billboard-lista den 3. august og Topp 40 17. august på 28. plass. Etter at singelen hadde vore seks veker på lista nådde han 7. plass den 14. september.

I Australia nådde singelen 8. plass i oktober 1963.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1963) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 7
U.S. Billboard R&B Best Sellers 18

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • The Sentinals i 1964 på albumet deira Surfer Girl
  • Hollyridge Strings spelte inn songen som ein instrumentalt i 1966 på albumet deira The Beach Boys Song Book, Volume 2
  • The Fantastic Baggys i 1966 på albumet deira Ride The Wild Surf
  • Little Joe Shaver & Devil Dog i 1976 på albumet deira Sing the Hits of the Beach Boys
  • Jan & Dean spelte inn songen i 1985 på albumet deira Silver Summer.
  • Papa Doo Run Run i 1985 på albumet deira California Project
  • Phranc i 1991 på albumet hennar Positively Phranc
  • Cathedral City Project i 1994
  • Pere Ubu i 1995 på albumet Ray Gun Suitcase
  • Don Grusin i 1997 på hyllestalbumet Wouldn't It Be Nice: A Jazz Portrait Of Brian Wilson
  • Philip Aaberg & Scott Mathews i 1997 på samlealbumet Summer Solstice: A Windham Hill Collection
  • Fred Simon i 1998 på albumet hans Fred Simon's Interpretation of The Beach Boys
  • John B. & The Surfin´ Safaris i 2002 på albumet deira A Tribute to the Beach Boys
  • Scott Cain i 2004 på albumet hans Roller Coaster
  • Rockapella i 1996 på albumet deira Lucky Seven
  • Maroon 5 på Grammyprisutdelinga i lag med The Beach Boys i høve 50-årsjubileet deira.
  • CocoRosie som B-sida til singelen «Lemonade» i 2010.

Paul Simon song ein versjon av songen på An All-Star Tribute to Brian Wilson i 2001, som seinare kom ut på DVD.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]