Old Folks at Home

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Songen Swanee River)
Hopp til navigering Hopp til søk
«Old Folks at Home»
Oldfolksathome.jpg
Noteark frå 1851
Låtskrivar Stephen Foster
Publisert 1851

«Old Folks at Home» (òg kjend som «Swanee River», «Swanee Ribber» eller «Suwannee River») er ein minstrelsong skriven av Stephen Foster i 1851. Sidan 1935 har han vore den offisielle statssongen til Florida sjølv om den originale teksten i 2008 vart reinska for nedsetjande ord.[1]

I følgje Joel Whitburn-boka Pop Memories 1890-1954 (1986), var «Old Folks at Home» det bestseljande notearket i perioden, med over tjue millionar selde eksemplar.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Postkort som viser Suwannee-elva med songen i bakgrunnen.

«Old Folks at Home» vart på trykk tilskriven E.P. Christy på tidlege noteark. Christy hadde betalt Foster for å bli kreditert, noko Foster seinare angra på.

Foster hadde skrive det meste av teksten, men sleit med å kome med eit fint namn på elva i første linje, og spurte broren om eit forslag. Det første forslaget var Yazoo (i Mississippi), som ville passa melodien, men vart avslått av Foster. Det andre forslaget var Pee Dee (i Sør-Carolina), men Foster avslo det òg. Broren såg då i eit atlas og sa Suwannee, noko Foster likte med ein gong. Han la det til teksten og feilstava namnet «Swanee» for at det skulle passe til melodien.[2]

Foster sjølv såg aldri Suwannee-elva, eller vitja Florida, men populariteten til songen gjorde at turismen auka til Florida for å sjå elva.

Kjende innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Joel Whitburn har identifisert tidlege innspelingar av Len Spencer (1892), Vess Ossman (1900), Haydn Quartet (1904), Louise Homer (1905), Alma Gluck (1915), Taylor Trio (1916) og Oscar Seagle and Columbia Stellar Quartet (1919).[3]

Songen vart populær på ny i 1930-åra med hitversjonar av Jimmie Lunceford[4] og Bunny Berigan.[5] Bing Crosby song songen i 1935 i filmen Mississippi og song òg songen inn på plate same året.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Summary of Bills Related to Arts, Cultural, Arts Education. Or Historical Resources That Passed the 2008 Florida Legislature May 5, 2008» (PDF). State of Florida. Henta 9. juli 2017. 
  2. Goodnough, Abby (January 29, 2004). «Saluting a Songwriter Far From Home». The New York Times. Henta 9. juli 2017. 
  3. Whitburn, Joel (1986). Joel Whitburn's Pop Memories 1890-1954. Wisconsin, USA: Record Research Inc. s. 561. ISBN 0-89820-083-0. 
  4. Whitburn, Joel (1986). Joel Whitburn's Pop Memories 1890-1954. Wisconsin, USA: Record Research Inc. s. 284. ISBN 0-89820-083-0. 
  5. Whitburn, Joel (1986). Joel Whitburn's Pop Memories 1890-1954. Wisconsin, USA: Record Research Inc. s. 52. ISBN 0-89820-083-0. 
  6. «A Bing Crosby Discography». BING magazine. International Club Crosby. Henta 9. juli 2017.