Songen The Long Run

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Long Run
Singel av Eagles
B-side «The Disco Strangler»
Utgjeve 27. november 1979
Sjanger Poprock,[1] softrock[2]
Lengd 3:42
Selskap Asylum
Låtskrivar(ar) Don Henley, Glenn Frey
Produsent Bill Szymczyk
Eagles-kronologi
«Heartache Tonight»
(1979)
The Long Run «I Can't Tell You Why»
(1980)


«The Long Run» er ein song skriven av Don Henley og Glenn Frey og spelt inn av Eagles. Songen vert rekna som ein hyllest til rhythm and blues-stilen til Stax og Memphis.[3] Han var tittelsporet på albumet The Long Run og vart gjeven ut som singel i november 1979. Han nådde åttandeplassen i USA på Billboard Hot 100 tidleg i 1980.[4] han var den andre av tre singlar frå The Long Run, og følgde «Heartache Tonight,» som nådde toppen av Billboard Hot 100 i november 1979, og vart etterfølgd av «I Can't Tell You Why,» som òg nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 våren 1980.[4]

Songen vart nytta i fjernsynsshowet WKRP in Cincinnati i episoden «The Doctor's Daughter».

Musikkritikaren Dave Marsh skriv i boka si The Heart of Rock & Soul: The 1001 Greatest Singles Ever Made at songen «The Long Run» er meir enn berre ein hyllest, og kalla det ein fullstendig kopi av R&B-songen «Tryin' To Live My Life Without You» av Otis Clay i 1972, skriven av Eugene Williams. Denne vart covra av Bob Seger i 1981.[5]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979/1980) Plassering
US Billboard Hot 100[4] 8
Canada RPM Top Singles[6] 9
Canadian RPM Adult Oriented Playlist[7] 9
New Zealand[8] 30
UK Singles Chart[9] 66

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.allmusic.com/album/the-long-run-mw0000650104
  2. Masley, Ed (30. september 2014). «10/1: 5 essential Eagles albums- 'Hotel to 'Border'». The Arizona Republic. Henta 17. oktober 2015. 
  3. Ruhlmann, William. «The Long Run > Review». Allmusic. Henta 17. oktober 2015. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «The Long Run > Charts & Awards > Billboard Singlar». Allmusic. Henta 17. oktober 2015. 
  5. [1]
  6. «RPM Volume 32 No. 19, February 02 1980». Henta 31. januar 2010. 
  7. «RPM Volume 32 No. 19, February 02 1980». Henta 31. januar 2010. 
  8. «charts.org.nz - Eagles - The Long Run». Henta 31. januar 2010. 
  9. «Chart Stats - Eagles - The Long Run». Henta 31. januar 2010.