Songen The Next Day

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Next Day
Singel av David Bowie
frå albumet The Next Day
Utgjeve 17. juni 2013
Innspelt The Magic Shop
(New York)
Sjanger
Lengd 3:27
Selskap
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi 
«The Stars (Are Out Tonight)»
(2013)
The Next Day «Valentine's Day»
(2013)


«The Next Day» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, gjeven ut på det 24. studioalbumet hans The Next Day i 2013. Songen skapte kontroversar før singelen kom ut fordi han vart oppfatta til å gjere narr av kristendom, som somme kristne fann obskønt.[3][4][5]

Singelen kom ut på ein kvit, firkanta forma 45" vinyl i ei avgrensa utgåve. Begge sidene av vinylplata innheld det same sporet.[6] Singelen nådde 179. plassen på den britiske singellista.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen vart sendt første gongen 8. mai 2013. Han var regissert av Floria Sigismondi, som òg regisserte videoen for den føregåande singelen, «The Stars (Are Out Tonight)», og syner den engelske skodespelaren Gary Oldman og den franske skodespelaren Marion Cotillard, i lag med David Bowie. Videoen syner Bowie som speler i ein bar kalla The Decameron—ein referanse til Boccaccio sitt Dekameronen som var kjend for dei satiriske skildringane av geistlege - og full av religiøse folk og halvnakne kvinner.[7] Marion Cotillard si rolle (som ein reknar er prostituert) lir av ein grusam stigmata, med den detaljerte skildringa av blodet som sprutar ut frå såret hennar, medan presten dansar med ho.[8][9][10] Andre skrekkelement som augeeple servert som mat finst òg i videoen. Musikkvideoen sluttar med at den stigmatiserte kvinna tilsynelatande vert fødd på ny som ei uskuldig jente og Bowie berre seier: «Takk Gary, takk Marion, takk alle saman». Bowie forsvinn deretter.

Kontrovers[endre | endre wikiteksten]

Videoen fekk stor merksemd og skapte kontroversar. Han vart bannlyst frå YouTube berre to timar etter han kom ut «for brot på bruksvilkåra til YouTube.»[4][11] Videoen kom derimot kjapt attende til nettsida etter han var fjerna, men med ei aldersgrense. Ei talskvinne for YouTube sa: «Med det enorme volumet av videoar på nettstaden vår, tar vi nokre gangar feil. Når me blir gjort oppmerksam på at ein video er fjerna ved eit mistak, handlar me raskt for å retta det opp att.»[3][11][12]

Videoen utløyste òg mange tilbakeslag og kritikk frå forskjellige kristne organisasjonar. Bill Donohue, leiaren for Catholic League for Religious and Civil Rights, kritiserte videoen og David Bowie sterkt, kalla videoen «eit rot» og omtalte Bowie som «ein biseksuell pensjonist frå London ».[13][14] Den tidlegare erkebiskopen av Canterbury, George Carey, kritiserte òg songen som «barnsleg» og bad andre kristne «heve seg over» han. Han sa òg at han tvilte på om Bowie hadde mot til å bruke islamske bilete[15] Andrea Williams i Christian Concern lurte på poenget med videoen medan Jack Volero i Catholic Voices kalla videoen «desperat».[15]

Som ein reaksjon på kontroversen og kritikken til Donohue, kom den offisielle nettstaden til Bowie med eit svar med tittelen «The Next Day dagen etter». Her kom det eit eksplisitt svar på skildringa av «dei serverte augeepla», som er anerkjent som ein referanse til Sankta Lucia.[16]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

I Flandern nådde «The Next Day» 53. plassen på Ultratip i 2013.[17]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hyden, Steven (11. mars 2013). «The Next Day: David Bowie's Big Return Is Whatever You Need It to Be». Grantland. Henta 7. desember 2015. 
  2. Gerard, Chris (2. november 2015). «David Bowie's 'Heroes' to 'The Next Day'». PopMatters. Henta 28. desember 2015. 
  3. 3,0 3,1 «David Bowie's 'The Next Day' video criticised by Catholic church». NME. 9. mai 2013. Henta 23. september 2021. 
  4. 4,0 4,1 Phillips, Amy (7. mai 2013). «Watch David Bowie's Bloody, Religious «The Next Day» Video, Starring Gary Oldman and Marion Cotillard». Pitchfork. Arkivert frå originalen 13. mai 2013. Henta 23. september 2021. 
  5. Savage, Lesley (9. mai 2013). «David Bowie's new religious-themed video causing controversy». CBS News. Henta 5. mai 2013. 
  6. arkivkopi, arkivert frå originalen 23. mars 2016, henta 23. september 2021 
  7. Ramisetti, Kirthana (8. mai 2013). «YouTube gives David Bowie 'The Next Day' video adult-only rating». Newsday. Arkivert frå originalen 23. september 2021. Henta 23. september 2021. 
  8. Danton, Eric R. (8. mai 2013). «David Bowie Features Gary Oldman, Marion Cotillard in 'The Next Day'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 8. mars 2018. Henta 23. september 2021. 
  9. Ebby, Margharet (8. mai 2013). «David Bowie unveils controversial 'The Next Day' video featuring Marion Cotillard, Gary Oldman». Daily News (New York). Henta 23. september 2021. 
  10. Gallo, Phil (8. mai 2013). «David Bowie Releases 'The Next Day' Video». Billboard. Henta 23. september 2021. 
  11. 11,0 11,1 Casciato, Paul (8. mai 2013). «YouTube puts adult-only rating on David Bowie's new video». Reuters. Henta 23. september 2021. 
  12. Savage, Lesley (9. mai 2013). «David Bowie's new religious-themed video causing controversy». The Independent. Henta 23. september 2021. 
  13. Pelly, Jenn (9. mai 2013). «Catholic League Disses David Bowie's «The Next Day» Video». Pitchfork. Henta 23. september 2021. 
  14. Danton, Eric R. (9. mai 2013). «David Bowie's 'The Next Day' Clip Attacked by Catholic League». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 12. oktober 2017. Henta 23. september 2021. 
  15. 15,0 15,1 Bingham, John (8. mai 2013). «David Bowie's new video 'juvenile', says Archbishop». The Telegraph. Henta 23. september 2021. 
  16. «The Next Day, the day after». davidbowie.com. Arkivert frå originalen 7. juni 2013. Henta 23. september 2021. 
  17. «David Bowie – The Next Day». Ultratop.be (på nederlandsk). Henta 20. august 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]