Songen Tusk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tusk
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet Tusk
B-side

«Never Make Me Cry»

Språk engelsk
Utgjeve 19. september 1979
Innspelt 1978–1979
Sjanger Rock, Progressiv rock
Lengd 3:29
Selskap Warner Bros.
Tekstforfattar Lindsey Buckingham
Låtskrivar(ar) Lindsey Buckingham
Produsent Fleetwood Mac, Richard Dashut, Ken Caillat
Fleetwood Mac-kronologi 
«You Make Loving Fun»
(1977)
Tusk «Sara»
(1979)


«Tusk» er ein song av Fleetwood Mac frå 1979 på albumet med same namn. Songen vart gjeven ut på singel, og denne nådde åttandeplassen på singellista i USA, sjetteplassen i Storbritannia og tredjeplassen i Australia og Canada. Det var ein av dei første songane som vart gjeven ut etter å ha blitt digitalt miksa ned frå ei opphavleg analog kjelde.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bandet var på leit etter eit tittelspor for albumet deira, som ikkje hadde fått namn enno, og Mick Fleetwood føreslo at dei nytta eit riff som Lindsey Buckingham brukte å spele under lydsjekkane føre øvingane deira. Produsentane Richard Dashut og Ken Caillat skapte så ein trommedriven produksjon.

Singelen vart spelt inn på konsert i lag med ein video frå Dodger Stadium (utan publikum) i Los Angeles i samarbeid med University of Southern California Trojan Marching Band. Framføringa vart òg filma og gjeven ut som musikkvideo for songen. John McVie var på Tahiti under innspelinga på Dodger Stadium, men er representert i videoen av ein pappfigur som vert boren rundt av Mick Fleetwood og seinare står mellom resten av bandmedlemmane.[2]

Singelen vart gjeven ut med to forskjellige omslag i mange land.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.discogs.com/Fleetwood-Mac-Tusk/release/774248
  2. «Burnish.net». Arkivert frå originalen 7. oktober 2006. Henta 3. juni 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]