Songen We're an American Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
We're an American Band
av Grand Funk Railroad
B-side

«The Railroad»

Utgjeve 16. juli 1973
Innspelt Juni 1973
Sjanger Hardrock[1]
Lengd 3:26

3:31 (2002 remix)

Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Don Brewer
Produsent Todd Rundgren
Grand Funk Railroad-kronologi 
«Rock & Roll Soul»
(1972)
We're an American Band «Walk Like a Man»
(1973)


«We're an American Band» er ein song av Grand Funk Railroad frå albumet med same namn. Det vart den første singelen deira som nådde toppen av den amerikanske singellista[2] den 29. september 1973, på 25-årsdagen til Mark Farner. Songen var skriven av Don Brewer og produsert av Todd Rundgren. Songen vart sungen av Brewer, og ikkje Farner, som vanlegvis song på Grand Funk-songane.

Songen låg på 99. plassen på lista til VH1 over dei 100 beste hardrocksongane gjennom tidene.[3]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

I følgje rockejournalisten Dave Marsh i boka hans The Heart of Rock and Soul, turnerte Grand Funk med den britiske gruppa Humble Pie tidleg i 1973. Etter ein konsert sat dei to gruppene og drakk i ein bar då dei byrja å diskutere kva som var best av britisk og amerikansk rock. Don Brewer reiste seg opp og skrytte av amerikanske rockeheltar som Jerry Lee Lewis, Fats Domino, Little Richard og Elvis Presley, og ropte ut, «We're an American band!». Dette skal ha vore inspirasjonen til å skrive songen dagen etter. Det vart òg laga ein musikkvideo til songen der dei spelar songen, og driv med aktivitetar som basketball, sykling og vassport.

Den originale singelen vart gjeven ut på ein gulfarga, gjennomsiktig vinyl.

I andre media[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

We're An American Band
av Poison
Utgjeve 2006
Innspelt 2006
Sjanger rock
Selskap Capitol Records
Poison-kronologi 
«Shooting Star»

(2003)

We're An American Band «What I Like About You»

(2007)


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tucker, Dan (February 28, 2014). «13 Classic Hard Rock Songs That Will Make You Scream “More Cowbell!”». VH1. Viacom. Henta August 1, 2016. 
  2. Grand Funk Railroad, «We're an American Band" Chart Position Henta March 21, 2015
  3. «VH1 Top 100 Hard Rock Songs». Henta 4. februar 2009. 
  4. Billboard 200. Henta 4. august 2016.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]