Songen Wish You Were Here

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wish You Were Here
Song av Pink Floyd
frå albumet Wish You Were Here
Utgjeve 15. september 1975
Innspelt Januar - juli 1975
Sjanger Progressiv rock, rock
Lengd 5:40
Selskap Harvest, EMI (UK)
Columbia, Capitol (US)
Låtskrivar(ar) Roger Waters, David Gilmour
Produsent Pink Floyd
Wish You Were Here EP
Singel av Pink Floyd
frå albumet PULSE
B-side «Coming Back to Life» (live), «Keep Talking» (live)
Utgjeve 20. juli 1995
Innspelt 20. september (Rome); 13. og 20. oktober (Earls Court, London), 1994
Sjanger Progressiv rock
Selskap Capitol Records (US)
EMI (UK)
Låtskrivar(ar) Waters, Gilmour
Produsent James Guthrie, David Gilmour
Pink Floyd-kronologi
«High Hopes»
(1994)
Wish You Were Here EP

«Wish You Were Here» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd, og er tittelsporet på albumet med same namn frå 1975. Musikken er skrive av David Gilmour og Roger Waters, medan Waters skreiv teksten, som referer til Pink Floyd sin tidlegare frontfigur Syd Barrett.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen opnar med lyden av nokon som skiftar kanalar på ein radio, og songen glir over frå «Have a Cigar», som sluttar på same vis. Gilmour spelar gitarriffet i introduksjonen på ein akustisk gitar med tolv strengar, og lyden høyrest ut som den kjem ut frå ein gamal transistorradio, før meir fyldigare lyd legg seg oppå. Denne delen av songen vart miksa slik at det høyrdest ut som gitaristen sit i eit rom og spelar i lag med radioen, og ein kan i tillegg høyre eit svakt kvin, som om ein har med radiostøy. Introriffet vert repetert fleire gonger i songen, mellom anna når Gilmour spelar gitarsolo i lag med scatsynginga hans. Mot slutten av songen forsvinn musikken gradvis inn i lyden av vind, før han glir rett over i siste del av «Shine on You Crazy Diamond».

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

«Wish You Were Here» vart gjeve ut på samleplatene A Collection of Great Dance Songs og Echoes.

Konsertutgåver av songen vart gjeve ut på både Delicate Sound of Thunder og P*U*L*S*E, og den siste versjonen vart i tillegg gjeve ut på singel i 1994.

«Wish You Were Here» vart først spelt på konsertar under turnéen i 1977, i lag med resten av albumet. På enkelte av desse konsertane brukte Mason ein verkeleg transistorradio i starten av songen. Deretter vart songen spelt på så godt som alle konsertane av Pink Floyd frå 1987 til 1994. I tillegg vart songen spelt på soloturnéane til Waters og Gilmour, og ein versjon vart gjeve ut på Waters sitt konsertalbum In the Flesh i 1999.

Coverversjonar[endre | endre wikiteksten]

Mange artistar har spelt denne songen i etterkant, mellom anna Sparklehorse (i lag med Thom Yorke frå Radiohead), The Flaming Lips, Wyclef Jean, Catherine Wheel and Rasputina.

Songen vart framført under avslutningsseremonien til sommar-OL 2012 i London av Ed Sheeran i lag med Nick Mason på trommer og Mike Rutherford på gitar.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • Heilt på slutten av songen kan ein så vidt høyre ein fiolin spelt av Stephane Grappelli. Han var i eit anna studio på denne tida, og Gilmour føreslo at dei trengde litt «countryfele» på slutten. Motvillig spelte Grappelli inn ein liten snutt, men til slutt vart svært lite av dette tatt med. Bandet valde derfor å ikkje kredittere han i omslaget.
  • Stemmene og orkestermusikken mellom «Have a Cigar» og «Wish You Were Here» vart tatt tilfeldig frå ein lokal radiostasjon. Musikken inkluderer eit klipp av Tsjajkovskij sin fjerde symfoni, eit radiohøyrespel, og så gitarriffet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


325:
 «Many Rivers to Cross» 
Jimmy Cliff
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
324

Pink Floyd – «Wish You Were Here»

323:
 «Alison» 
Elvis Costello