Songhairiket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Songhai-riket)
Songhairiket rundt 1500.

Songhai- eller Songhayriket var eit stort vestafrikansk handelsrike på 1400- og 1500-talet, grunnlagd av muslimske songhaiar. Riket dekte store delar av område rundt Nigerelva med tyngdepunkt ved den store bøyen i elva som ligg i dagens Niger og Burkina Faso, nådde også Atlanterhavet og dekte delar av det moderne Mali. Songhai erstatta i stor grad det tidlegare Maliriket.

Riket blei danna rundt elvebyen Gao, der songhaiane skal ha busett seg rundt 800. Byen blei først gjort til hovudstad ved byrjinga av 1000-talet, under herskaren Kossoi.

Under krigarkongen Sonni Ali på 1400-talet nådde Songhairiket si største utstrekking. Ali nedkjempa mossiar, tuaregar, dogonar og fulaniar som blei sett på som trugsmål mot riket, og utførte ei rekkje erobringar over det sviktande Maliriket. Under han fekk Songhairiket den største utstrekkinga noko afrikansk rike har hatt. Medan Sonni Ali er blitt skildra som ein tyrann på grunn av brutal framferd då han tok Timbuktu, er han òg kjend for å ha harmonisert dei muslimske interessene til bybuarane i riket med dei tradisjonelle afrikanske religionane på landsbygda.

Sonen Sonni Baru, som derimot tok parti med landsbybuarane, blei avsett av Mohamma Ture, kjend som Askia ('tronrøvar'). Askia Mohammad sameinte riket politisk. Han innførte eit velorganisert byråkrati, bygde skular og moskear og inviterte lærde og diktarar frå heile den muslimske verda til hoffet sitt. Men også han førte fleire hærtog mot tilgrensande folk.

Riket fall då viktige delar av det blei erobra av Marokko frå midten av 1500-talet. Ved hjelp av skytevåpen kunne dei marokkanske styrkane ta Tondibi, Timbuktu og Gao. Geriljakriging frå landsbysonghaiane si side lukkast ikkje i å ta tilbake byane, som blei verande under marokkansk styre til dei braut ut i fleire mindre kongedøme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen som har med geografi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.