Songs from the Wood
Songs from the Wood Studioalbum av Jethro Tull |
||
Utgjeve | 11. februar 1977 | |
Innspelt | Hausten 1976 i Morgan Studios London og Maison Rouge Mobile | |
Sjanger | Folkrock, progressiv rock | |
Lengd | 41:22 | |
Selskap | Chrysalis | |
Produsent | Ian Anderson | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Jethro Tull-kronologi | ||
Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die! (1976) |
Songs from the Wood | Repeat – The Best of Jethro Tull – Vol II (1977) |
Songs from the Wood er det tiande studioalbumet til Jethro Tull utgjeven i 1977. Det vert rekna som det første i ein trio av folkrockalbum (Songs from the Wood, Heavy Horses og Stormwatch) sjølv om ein har sett element av folkemusikk i musikken til Jethro Tull både før og etter denne triologien. Songs from the Wood var det første Tull-albumet som fekk generelt berre god kritikk sidan Thick as a Brick.
Med folkemusikk og bilete frå fantasy, og utførlege folkearrangement, er albumet ei steg til sida frå hardrocken frå tidlegare Tull-album, sjølv om det framleis er element av den eldre stilen til bandet. Albumet nådde åttandeplass på albumlista i USA og var det siste albumet deira som nådde Topp 10 der. Songen «The Whistler» vart gjeven ut som singel i USA og nådde 59. plass der våren 1977. Albumet nådde 13. plass på den britiske albumlista.[2]
Plateomslaget syner Ian Anderson ute i skogen. Trass i at det ser ut som eit fotografi er det i røynda eit måleri av kunstnaren Jay L. Lee.
Albumet var det første Jethro Tull-album med klaverspelar David Palmer som offisielt bandmedlem. På «Jack-in-the-Green» spelar Ian Anderson alle instrumenta sjølv.
Innhaldsliste
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Alle songar er skrivne av Ian Anderson.
Side ein | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
# | Tittel | Lengd | |||||||
1. | «Songs from the Wood» | 4:52 | |||||||
2. | «Jack-in-the-Green» | 2:27 | |||||||
3. | «Cup of Wonder» | 4:30 | |||||||
4. | «Hunting Girl» | 5:11 | |||||||
5. | «Ring Out, Solstice Bells» | 3:43 |
Side to | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
# | Tittel | Lengd | |||||||
1. | «Velvet Green» | 6:03 | |||||||
2. | «The Whistler» | 3:30 | |||||||
3. | «Pibroch (Cap in Hand)» | 8:27 | |||||||
4. | «Fire at Midnight» | 2:26 |
Bonusspor på 2003-utgåva | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
# | Tittel | Lengd | |||||||
10. | «Beltane» | 5:19 | |||||||
11. | «Velvet Green» (konsertopptak) | 5:56 |
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Ian Anderson - vokal, fløyte, akustisk gitar, mandolin, cymbalar; alle instrument på spor 2
- Barriemore Barlow - Trommer, perkusjon
- Martin Barre - elektrisk gitar, lutt
- John Evan - piano, orgel, synthesiserar
- John Glascock - bassgitar, vokal
- David Palmer - orgel, synthesiserar
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Songs from the Wood» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Eder, Bruce. Album review Jethro Tull Songs from the Wood på Allmusic. Henta 15. september 2012.
- ↑ «UK liste history Jethro Tull Songs from the Wood""». www.chartstats.com. Arkivert frå originalen den 2012-07-24. http://archive.is/bjHr. Henta 15. september 2012.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
|
|
---|---|
|
|
Studioalbum |
|
Konsertalbum | |
Samleplater | |
Samleboksar | |
Tilknytte artiklar |
|