Songspottefugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Songspottefugl

Status i verda: LC Livskraftig

Songspottefugl Foto: Wikimedia-brukar Captain-tucker
Songspottefugl
Foto: Wikimedia-brukar Captain-tucker
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Mimidae
Slekt: Mimus
Art: M. polyglottos
Namn på andre språk
  • Engelsk: Northern Mockingbird
  • Vitskapleg namn
    Mimus polyglottos

    Songspottefugl (Mimus polyglottos, engelsk 'Mockingbird') er ein fugl i spottefuglfamilien og den einaste spottefuglarten som vanlegvis finst i Nord-Amerika. Han er hovudsakleg ein standfugl, men fuglar i nord kan røre seg sørover i vinterstid. Songspottefugl er kjent for evna til å herme, noko som blir reflektert av det vitskaplege namnet som tyder «etterliknar mange tunger». Songspottefugl har grå til brun overside og ein bleikare buk. Halen og vengene har kvite flekker som er synlege i flukt.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Ein songspottefugl syner fram dei iaugefallande kvite vengeflekkene
    Foto: Manjith Kainickara

    Songspottefugl er ein mellomstor medlem i spottefuglfamilien, og syner ein nokså typisk utsjånad for slekta Mimus med lange bein og lang hale.[1] Kjønna er like. Oversida er gråfarga, medan undersida har lys eller kvitaktig gråfarge. To smale parallelle kvite vengband endar opp i ein større kvit flekk som gjev ein særeigen utsjånad i flukt. Dei svarte sentrale halefjørene og typiske kvite sidehalefjører er også synlege i flukt.[2] Irisen er vanlegvis lys grøngul eller gul, men det finst tilfelle av fuglar med oransje farge.[3] Nebbet er svart med ein brunsvart farge på basen.[3] Ungfuglar er prega av striper på ryggen, framståande flekker og striper på brystet, og ei grå eller grågrøn regnbogehinne.[3]

    Kroppslengda kan variere i området 23 til 28 centimeter, inkludert halen som nær har same lengda som sjølve kroppen. Kroppsvekta ligg i området 36-56 gram, med gjennomsnitt på 48,5. Hannar har ein tendens til å vere litt større enn hoene.[4][5]

    Songspottefuglar i det fri har hatt observert levetid på opp til 8 år, men fuglar i fangenskap kan leve opp til 20 år.[6]

    Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

    Arten har hekkeområde frå sørlegaste Quebec og Ontario i Canada vestover til sørlegaste British Columbia, praktisk talt heile det kontinentale USA, mykje av Mexico sør til delstaten Oaxaca og Veracruz.[3] Dessutan i Dei store antillane i Karibia, Bahamas, Jomfruøyane og Caymanøyane. Arten lever òg på øyar utanfor stillehavskysten, så langt vest som på Socorro-øya i Revillagigedo-arkipelaget, ca. 600 km vest for det mexikanske fastlandet.[4] Fuglar som hekkar lengst nord i utbreiingsområdet kan trekke sørover vinterstid, og elles er det sesongmessige rørsler mellom fleire habitat.[4] Det finst observasjonar av einskildindivid på streif i Storbritannia.[2]

    Utover 1900-talet utvida arten utbreiinga si mot nord og inn i Canada, både på vest- og i austsida av kontinentet.[4]

    Habitata varierer frå stad til stad, men han føretrekker opne område med sparsam vegetasjon. I dei austlege regionane, forstadene og urbane områda er parkar og hagar mykje brukte habitat. I dei vestlege regionane, kan dei bruke ørkenkratt. Dei vil ikkje hekke i tett skog.[3]

    Åtferd[endre | endre wikiteksten]

    Songspottefugl er ein altetar. Dietten er sett saman av leddyr, meitemark, bær, frukt, frø, og sjeldan, øgler.[3] I hekketida er føda mest animalsk, men tar drastisk skifte til frukt i løpet av hausten og vinteren.[2]

    Desse fuglane beitar på bakken eller i vegetasjon; dei kan sitte stille på ei grein for å flyge ned på bakken etter mat som kjem til syne.[2] Medan dei beitar kan dei ofte spreie vengene sine i ei særeiga rørsla for å vise kvite flekker på oversida av vengene. Det er usemje blant ornitologar om føremålet med denne åtferda, med hypotesar som spenner frå retardasjon til skremming av rovdyr eller byttedyr.[7][8]

    Populasjonen er ikkje estimert og var trudd å vere stabil over dei 40 siste åra fram til 2007. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[9]

    I kulturen[endre | endre wikiteksten]

    Spottefuglnemninga er brukt i tittelen og er ein sentral metafor i Harper Lee sin bestseljarroman To Kill a Mockingbird, som er omsett til bokmål med tittelen Drep ikke en sangfugl. I denne romanen blir spottefuglar skildra som uskyldige og sjenerøse, og to av dei store karakterane, Atticus Finch og Miss Maudie, seier dei «.. gjør ikke annet her på jorden enn å lage musikk som vi gleder oss over. De eter ikke opp hagene til folk, de bygger ikke reir i kornbingen, de gjør ikke en ting annet enn å synge for oss, av hjertens lyst. Det er derfor det er synd å drepe en sangfugl.»[10]

    «Hush, Little Baby» er ein tradisjonell voggesong, trudd å ha opphav frå det sørlege USA. Frå dei sentrale, første linjene, "Hysj, vesle barnet, ikkje sei eit ord, mamma skal kjøpe deg ein spottefugl. Og viss ikkje den spottefuglen syng, skal mamma kjøpe deg ein diamantring."

    Songen av dei nordlege songspottefugl inspirerte mange klassiske amerikanske folkesongar i midten av 1800-talet, til dømes «Listen to the Mocking Bird».

    «Mockin' Bird Hill» er ein populær song best kjent gjennom frå innspeling av Patti Page, Donna Fargo, og av Les Paul og Mary Ford i 1951.

    Eminem gav ut ein song «Mockingbird» i 2004 som var adressert dottera.

    Eit av dei første lydkorta for personlege datamaskinar (Apple II) fekk namnet «Mockingboard».[11]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. Breitmeyer, E. (2007). «Mimus Polyglottos». Animal Diversity Web. University of Michigan Museum of Zoology. Henta 21 mars 2017. 
    2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Derrickson, K.C.; Breitwisch, R. (1992). «Northern Mockingbird» (PDF). The Birds of North America 7: 1–26. doi:10.2173/bna.7. 
    3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Brewer, D. (2001). Wrens, Dippers and Thrashers. London: Christopher Helm. s. 231–232. ISBN 978-1-8734-0395-2. 
    4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Cody, M. (2017) Northern Mockingbird (Mimus polyglottos) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 22. mars 2017
    5. «Northern Mockingbird». The Cornell Lab of Ornithology. All About Birds. Henta 22. mars 2017. 
    6. «Northern Mockingbird». Wildlife. National Wildlife Federation. Henta 11 December 2012. 
    7. Horwich, R.H. (1965). «An Ontogeny of Wing-flashing in the Mockingbird with Reference to Other Behaviors» (PDF). The Wilson Bulletin. 3 77: 264–281. Henta 22. mars 2017. 
    8. Dhondt, André A.; Kaylan M. Kemink (2008). «Wing-flashing in Northern mockingbirds: anti-predator defense?». Journal of Ethology 26 (3): 361–365. doi:10.1007/s10164-007-0070-z. 
    9. BirdLife International (2017) Species factsheet: Mimus polyglottos. Henta frå http://www.birdlife.org den 22. mars 2017
    10. Oppslag i romanen Drep ikke en sangfugl hos Nasjonalbiblioteket, side 89
    11. «13-Peripherals». Apple II History. 28. juni 2010. Henta 18. mars 2017. 

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Songspottefugl