Songsvane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Songsvane
Cygnus cygnus
Cygnus cygnus

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Songsvane
Utbreiinga av Songsvane
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anserinae
Slekt: Cygnus
Art: Songsvane C. cygnus
Vitskapleg namn
Cygnus cygnus
Songsvaneegg.

Songsvane (Cygnus cygnus) er ein trekkfugl i andefamilien som hekkar i Noreg.[2] Svana er heilt kvit i fjørdrakta, og har eit gult nebb med ein svart tupp. Fuglen kan bli 160 cm lang.

Utbreiing og økologi[endre | endre wikiteksten]

Songsvane hekka tidlegare spreitt i vegetasjonsrike tjern og innsjøar, ofte i dei mest utilgjengelege myrområda i nordlege delar av Noreg. I dei seinare år har arten likevel ekspandert sørover. Føda består i hekketida av akvatiske plantar samt gras. Fuglar som hekkar i Noreg overvintrar truleg hovudsakleg langs norskekysten, men vinterbestanden er mykje større enn hekkebestanden og det blir derfor at antatt også svenske, finske og kanskje russiske songsvaner overvintrar i Noreg. Arten er avhengig av ope vatn og flyttar seg om hausten og vinteren etter isforholda.

Bestand og bestandsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Den norske hekkebestanden vart i 2015 vurdert å vera i intervallet 700 til 1200 individ, og han vart då vurdert som aukande.[3]

Vurderingsperioden for songsvane er 30 år (grunna generasjonslengda på arten på 10 år.[4]

Bestanden har sidan 1990-talet vore i sterk vekst med ekspansjon sørover i Noreg, og arten hekkar no i alle fylke i Noreg. Bestanden i Nord-Noreg har òg auka.[3]

Arten etablerte seg til dømes som hekkefugl i Østfold (1998), Oslo & Akershus (1999)[5], Vestfold (2005), Møre og Romsdal (2006, men mangelfulle data herfrå[3]), Vest-Agder (2007), Aust-Agder (2008, [6] (2014). Songsvanehekking i Aust-Agder 2013 og 2014. Fugler i Aust-Agder 43 (2): 80-83.), Buskerud (2009), Hordaland (2011), Rogaland (2013), Telemark (2014, 2015[7]) og Oslo (2015).[3]

På bakgrunn av auke i utbreiing og bestand antar vi at bestanden no er i intervallet 1000–2000 individ, noko som betyr raudlistekategori nær trua NT etter kriteriet D1. Bestanden i Sverige er på ca. 12 000 individ, og er kraftig aukande.[8]

I Finland er bestanden, som vart anslått til 10 000–14 000 individ i 2011 (2011[9]), aukande (2019[10]).

I Danmark er arten under etablering.[11]

Raudlistevurdering[endre | endre wikiteksten]

I følgje BirdLife International (2017) er både hekke- og vinterbestanden i Europa aukande. Songsvane blir vurdert til raudlistekategori nær trua NT, på bakgrunn av observasjonar og basert på kriteriet D1 (1000–2000 reproduserande individ).

Arten blir nedgradert til livskraftig LC° grunna solide og aukande bestandar i nabolanda våre. Dette gir moglegheit for reetablering dersom arten i periodar skulle forsvinna frå Noreg.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av songsvane Cygnus cygnus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Shimmings, P. & Øien, I.J. (2015). Bestandsestimater for norske hekkefugler. NOF-Rapport 2015-2.
  4. Bird, J. P., Martin, R., Akçakaya, H.R., Gilroy, J., Burfield, I.J., Garnett, S., Symes, A., Taylor, J., Sekercioglu, Ç.H. & Butchart, S.H. (2020). Generation lengths of the world's birds and their implications for extinction risk. Conservation Biology In Press
  5. Dale, S. (2017). Stadig flere hekkende sangsvaner i Oslo og Akershus. Toppdykker'n 2-2017: 88-95.
  6. Stalleland 2014
  7. Arnesen, M.R. (2015). Sangsvane hekker for første gang i Telemark. Fugler i Telemark 44 (1): 8-11
  8. Green, M., Haas, F. & Lindström, Å. (2020). Övervakning av fåglarnas populationsutveckling. Årsrapport för 2019. Rapport, Biologiska institutionen, Lunds Universitet. 96 s.
  9. Väisänen, R.A., Hario, M. & Saurola, P. (2011). Population estimates of Finnish birds. In: Valkama, J., Vepsäläinen, V. & Lehikoinen, A. 2011: The Third Finnish Breeding Bird Atlas Finnish Museum of Natural History and Ministry of Environment: (cited 17.10.2020) ISBN 978-952-10-7145-4. http://atlas3.lintuatlas.fi/english
  10. Hyvärinen, E., Juslén, A., Kemppainen, E., Uddström, A. & Liukko, U.-M. (eds.). (2019). The 2019 Red List of Finnish Species. Ympäristöministeriö & Suomen ympäristökeskus. Helsinki. 704 s.
  11. Moeslund, J.E., Nygaard, B., Ejrnæs, R., Bell, N., Bruun, L.D., Bygebjerg, R., Carl, H., Damgaard, J., Dylmer, E., Elmeros, M., Flensted, K., Fog, K., Goldberg, I., Gønget, H., Helsing, F., Holmen, M., Jørum, P., Lissner, J., Læssøe, T., Madsen, H.B., Misser, J., Møller, P.R., Nielsen, O.F., Olsen, K., Sterup, J., Søchting, U., Wiberg-Larsen, P. & Wind, P. (2019). Aarhus Universitet, DCE – Nationalt Center for Miljø og Energi. www.redlist.au.dk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]