Sonic Mania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sonic Mania
Utviklar(ar)PagodaWest Games
Headcannon
Utgjevar(ar)Sega
DistributørMicrosoft Store, PlayStation Store, Nintendo eShop, Steam, Humble Store, PlayStation Now, Epic Games Store
Kreativt ansvarleg(e)Christian Whitehead
Produsent(ar)Lola Shiraishi
Programmerar(ar)Christian Whitehead
Komponist(ar)Tee Lopes
SerieSonic the Hedgehog
SpelmotorRetro Engine
Plattform(er)Nintendo Switch, PlayStation 4, Xbox One, Windows
Utgjeving15. august 2017
SjangerPlattform
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 3
Nettstadhttps://www.sonicthehedgehog.com/sonic-mania-plus/
Del av serien Sonic the Hedgehog⠀

Sonic Mania er eit plattformspel utgjeve av Sega til Nintendo Switch, PlayStation 4, Xbox One og Windows. Det vart produsert i samband med markeringa av 25-årsjubileet til Sonic the Hedgehog-serien og er ei hyllest til dei opphavlege Sonic-spela til Mega Drive. Spelet går føre seg over tolv nivå, inkludert åtte redesigna nivå frå tidlegare spel. Historia følgjer Sonic og følgjesveinane Tails og Knuckles medan dei kjempar mot erkefienden Doctor Eggman og robotlakeiane hans.

Utviklargruppa var sett saman av medlemmer kjende for å ha utvikla eigne spel basert på dei originale Sonic-spela. Utviklinga starta etter at leiaren for gruppa Christian "Taxman" Whitehead presenterte ein prototype for Sonic Team-produsenten Takashi Iizuka. Kunsten, nivådesignen, lydsporet og programmeringa vart utført med hjelp frå dei uavhengige studioa PagodaWest Games og Headcannon. Gruppa brukte spelemotoren Retro Engine utvikla av Whitehead og gjekk inn for ein grafisk kvalitet som låg på eit nivå mellom spela til Mega Drive og Sega Saturn.[1]

Sonic Mania vart utgjeve internasjonalt i august 2017.[2] Innan eitt år hadde spelet selt over ein million kopiar fordelt på alle plattformene. Sonic Mania Plus, ei utgåve av spelet med ekstra innhald, vart utgjeven i juli 2018.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne dataspelartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.