Sonja Kristina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sonja Kristina
Curved Air - Sonja Kristina - Stuart Burns - Flickr.jpg
Fødd14. april 1949 (71 år)
FødestadBrentwood i Essex i England
FødenamnSonja Kristina Shaw
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1960-åra
SjangerProgressiv rock, folk, acid folk
InstrumentVokal
Tilknytte artistarCurved Air, Mask
PlateselskapCherry Red, Market Square
Verka somSongar, låtskrivar, skodespelarinne

Sonja Kristina (fødd 14. april 1949 som Sonja Christina Shaw)[1] er ein engelsk låtskrivar, musikar og skodespelarinne, mest kjend for å ha spelt i 60-tals musikalen Hair, og som frontkvinne og songar[2] i det progressive rockebandet Curved Air i 1970-åra.[3]

Kristina er òg songlærar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Kristina spelte i den originale oppsetjinga av Hair i London i 1968, før ho i 1970 vart med i Curved Air. Før den tid hadde ho òg vore visesongar. Curved Air var aktive fram til 1976, og igjen sporadisk etter 1990, med Kristina som det einaste faste medlemmet som var med heile vegen. I 1980 gav ho ut det første soloalbumet sitt og i 1982 gifta ho seg med Stewart Copeland, som då hadde stor suksess med The Police, men som i 1970-åra hadde ein kort periode i Curved Air.

I 2008 vart Curved Air samla saman att og har sidan den gong turnert jamleg og gjeve ut eitt studioalbum i 2014.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album med Curved Air[endre | endre wikiteksten]

Album som Sonja Kristina[endre | endre wikiteksten]

  • Sonja Kristina (1980)
  • Songs from the Acid Folk (1991) (med TY-LOR og vener)
  • Harmonics of Love (1995) (med Cloud 10)
  • Cri De Coeur (2003)
  • Heavy Petal CD + DVD av MASK med Sonja Kristina (2005)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  1. «It Happened Today» (1971)
  2. «Back Street Luv» (1971)
  3. «Walk on By/O Fortuna» (1985)
  4. «Waking with Dream» (1985)

Andre innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Encyclopedia of Popular Music. Colin Larkin. Omnibus Press 27. mai 2011
  2. Citizens of Hope and Glory: The Story of Progressiv rock, Stephen Lambe Amberley, Publishing Limited, 30. januar 2012, ISBN 978-1445616834
  3. Rocking the Classics: English Progressiv rock and the Counterculture, Edward Macan, Oxford University Press, 1997, ISBN 978-0195098884
  4. The Virgin Encyclopedia of 70s Music. Colin Larkin, Virgin, 2002, ISBN 978-1852279479
  5. «Alan Burridge». Alanburridge.freeuk.com. Henta 2. januar 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]