Sonneberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rådhuset i Sonneberg

Sonneberg er ein by og ein kommune i landkrinsen ved same namn i delstaten Thüringen i Tyskland. Kommunen har ei flatevidd på 84,7 km² og i kring 24 000 ibuarar. Byen ligg langt sør i delstaten, 400 meter over havet, opp mot Frankenwald og delstaten Bayern i sør.

Sonneberg var i fyrste halvdelen av det 19. hundreåret ein verdsleiande produsent av leiketøy. Deutsches Spielzeugmuseum, det tyske leiketøy-museet held til sentralt i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]