Sophie D. Fosså

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sophie D. Fosså
Fødd12. juli 1941
NasjonalitetNoreg
Yrkelege, professor, forskar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Sophie Dorothea Fosså (fødd 12. juli 1941) er ein norsk kreftforskar, kjend for forskinga si på testikkel- og prostatakreft og dessutan seineffektar av kreftbehandling.

Etter M.D. frå universitetet i Münster i 1964 vart ho dr.med. 1977 ved Universitetet i Oslo for avhandlinga DNA-absorption cytophotmetry in bladder cancer.

Ho har sidan 1968 stort sett vore knytt til Radiumhospitalet, der ho vart leiar av Enhet for langtidsstudier. Frå 1993 har ho vore professor II i klinisk onkologi ved UiO.[1] Frå 2005 har ho leidd Nasjonalt kompetansesenter for seineffektar etter kreft. Ho pensjonerte seg i 2011.

Ho har publisert 750 vitskaplege artiklar innanfor feltet onkologi og har vore rettleier for meir enn 30 doktorgradskandidatar. Ho er æresmedlem i Norsk Urologisk Forening.[2]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sophie Dorothea Fosså, jobbeside ved UiO». 
  2. 80 års omtale i Aftenposten 12. juli 2021
  3. «Overlevelseseksperten». Henta 19. januar 2019.