Sophie Germain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sophie Germain

FøddMarie-Sophie Germain
1. april 1776
Paris
Død27. juni 1831
Paris
NasjonalitetFrankrike
Områdetalteori, mekanikk, fysikk, matematikk, filosofi
Yrkematematikar, fysikar, filosof
Alma materUniversitetet i Göttingen
DoktorgradsrettleiarCarl Friedrich Gauss
Récherches sur la théorie des surfaces élastiques, 1821

Marie-Sophie Germain (1. april 177627. juni 1831) var ein fransk matematikar. Ho kom blant anna med viktige bidrag innanfor felta talteori og differensialgeometri. I tillegg til virket som matematikar var Germain òg filosof og fysikar, og gav blant anna ut det filosofiske verket Considérations sur l'état des science sine eit de lettres.

Då det var vanskeleg med utdanning for kvinner på 1800-talet var Germain stort sett sjølvlærd. Mykje av kunnskapen sin fekk ho gjennom korrespondanse med mange av dei største matematikarane på den tida, mellom anna Carl Friedrich Gauss og Joseph Louis Lagrange. Germain brukte pseudonymet «Le Blanc» i brevvekslinga.

Germain vart prisløna i 1816 av Det franske vitskapsakademiet, og mot slutten av livet sitt fekk ho ein æresgrad frå Georg-August-Universität Göttingen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Om Sophie Germain, fra Agnes Scott College, Biographies of Women Mathematicians (engelsk)