Sophie de Grouchy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sophie de Grouchy

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 8. april 1764
Meulan-en-Yvelines
Død

8. september 1822 (58 år)
tidligere 11. arrondissement i Paris

Yrke omsetjar, salongvertinne, skribent, filosof
Språk fransk, italiensk, engelsk
Far François Jacques de Grouchy
Ektefelle Nicolas de Condorcet
Sophie de Grouchy på Commons

Sophie Marie Louise de Grouchy, marquise de Condorcet (fødd 1764 i Meulan-en-Yvelines, død 8. september 1822 i Paris) var ein fransk filosof, omsettar og salonnière.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Sophie de Grouchy var eldst av dei fire barna til Marie Gilberte Henriette Fréteau de Pény og Francois-Jacques, Marquis de Grouchy. Ho fekk ei god utdanning heime, både av brørnes privatlærarar og av den høgt kultiverte mora. Atten år gamal vart Sophie sendt til ein klosterskole for svært rike der ho mellom anna las Rousseau og Voltaire og lærte engelsk og italiensk gjennom å omsette tekstar. På klosterskolen vart ho òg ateist.

22 år gamal gifta Grouchy seg med filosofen og matematikaren Nicolas de Condorcet. Dei budde i Hôtel des Monnaies i Paris, der dei starta opp ein salong som vart vitja av franske og internasjonale politikarar, filosofar og litteratar, mellom andre Thomas Jefferson, Adam Smith, Turgot, Pierre Beaumarchais, Olympe de Gouges og Germaine de Staël. Salongen spela ein viktig rolle under framvoksteren av Gironden, ein republikansk fraksjon som under den franske revolusjonen sto i strid med jakobinarane. Under skrekkveldet gjekk Condorcet i skjul og døydde under eit fluktforsøk. Familiens eigedomar vart konfiskerte og Grouchy tente til livsopphaldet ved å måle miniatyrportrett.

Etter at skrekkveldet var over, gav Grouchy ut boka Lettres sur la sympathie (1798) der ho legg fram klåre og originale syn på fleire viktige moralske, politiske og rettsfilosofiske tema. Boka vart publisert saman med hennar eiga omsetting av Adam Smiths' The Theory of Moral Sentiments ("Moralske kjensler"). Omsettinga hennar var av klårt betre kvalitet enn dei som var blitt publiserte fram til då. I tillegg skreiv og publiserte ho andre tekstar anonymt og under pseudonym. Ho gav ut artiklar som forfekta ein republikansk forfatning og var delaktig i å skrive og redigere ektemannens siste verk, Esquisse d’un tableau historique des progrès de l’esprit humain ("Skisser til menneskeleg framgang").

Frå 1795 til ho døydde i 1822 eigna ho skrivetida si til å redigere verka til Condorcet. Ho heldt fram å delta i det filosofiske livet i Frankrike og stod i jamleg kontakt med svogeren Pierre Jean Georges Cabanis som arbeidde med fysiologi og seinare med stoisismen.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Sophie de Grouchy: Lettres sur la sympathie ; suivies des Lettres d’amour, Montréal, Étincelle, 1994
  • Adam Smith: Théorie des sentimens moraux, ou, Essai analytique sur les principes des jugemens que portent naturellement les hommes, d’abord sur les actions des autres et ensuite sur leurs propres actions, traduit de l’anglois sur la septième et dernière édition par Marie-Louise-Sophie de Grouchy Condorcet, Marquise, Paris, F. Buisson, 1798. Omsetting av The Theory of Moral Sentiments

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sandrine Berges: "Sophie de Grouchy", Edward N. Zalta (red.), Winter 2019 Edition. Lest 1. mars 2020.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]