Sophisticated Lady

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Sophisticated Lady»
Musikk av Duke Ellington
Tekst av Mitchell Parish
Publisert 1933

«Sophisticated Lady» er ein jazzstandard komponert som ein instrumental i 1932 av Duke Ellington, og i tillegg tilskriven forleggaren Irving Mills, med ein tekst seinare skriven av Mitchell Parish. Teksten vart godkjend av Ellington, som skildra teksten som «vedundeleg, men ikkje heilt passande til den opphavlege tanken min.» Den originale tanken som inspirerte Ellington var tre grunnskulelærarar han hadde. «Dei lærte heile vinteren og turnerte Europa om sommaren. For meg var det sofistikert[1] Duke Ellington and His Orchestra introduserte Sophisticated Lady i 1933[2] med ei instrumental innspeling med soloar av Toby Hardwick på altsaksofon, Barney Bigard på klarinett, Lawrence Brown på trombone og Ellington på piano. Innspelinga gjekk inn på singellista den 27. mai 1933 og låg der i seksten veker, med ein tredjeplass som høgaste plassering.[3]

Den tidlege vokalisten til Ellington, Adelaide Hall, spelte inn to versjonar av «Sophisticated Lady». I 1944 på Decca-etiketten (Decca – F. 8467)[4] og til filmen frå 1989-1990 om livet hennar, kalla Sophisticated Lady.[5][6][7] Hall spelte med Ellington ved fleire høve — i 1927, 1932 og 1933. Ein annan versjon av Adelaide Hall som syng «Sophisticated Lady» finst på britisk TV i 1987 på Terry Wogan Show.[8][9]

Arild Andresen på piano med gitar og bass spelte han inn i Oslo den 11. mars 1955, som den første melodien i medleyen «Klaver-Cocktail Nr. 3».

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]