Sophus Henrichsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sophus Henrichsen

Fødd12. november 1845
Død21. desember 1928
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar, Oberlehrer
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Sophus Septimus Henrichsen (12. november 18451928) var ein norsk fysikar frå Kragerø.

Henrichsen tok reallærareksamen i 1871 og studerte 1878–79 fysikk i Berlin og Leipzig. 1873–1879 var han amanuensis ved det fysiske kabinettet ved universitetet i Kristiania, og frå 1890 overlærar ved Kristiania tekniske skole.

Henrichsen offentleggjorde undersøkingar over den spesifikke varmen til vatnet og over magnetisme i organiske sambindingar i Annalen der Physik und Chemie. Ei av desse avhandlingane vart løna med Gullmedaljen til kronprinsen. Dessutan studerte han omnar, teori for tørking, og skreiv fleire lærebøker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]