Sophus Lies gate i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sophus Lies gate

Sophus Lies gate er ei gate på Gimle i Oslo. Ho ligg mellom Bygdøy allé og Thomas Heftyes gate. Gata er oppkalla etter matematikaren Sophus Lie.

Fleire av leilegheitene i Sophus Lies gate var tidlegare tenestebustader for statstilsette, men er no selde til private.

Dei høgaste gatenummera i Sophus Lies gate høyrer til eit samanhengande bygningskompleks som heilt omgjev Frogner kyrkje.

Den ungarske ambassaden ligg i Sophus Lies gate 3.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]