Patogen sopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Soppsjukdom)
Candidiasis er ein infeksjon med gjærsoppen Candida.

Patogene soppar er soppar som fører til sjukdom, sokalla soppsjukdommar, hos menneske og andre organismar. Medisinsk mykologi er læra om slike soppar.

Candida[endre | endre wikiteksten]

Candida, Papanicolaou-test

Fleire artar i soppslekta Candida fører til infeksjon hos folk med svekka immunsystem. Trauskesopp (C. albicans) er den vanlegaste årsaka til candidiasis (trauske) hos menneske.

Aspergillus[endre | endre wikiteksten]

Aspergillose, H&E-farging

Dei vanlegaste patogene soppartane er Aspergillus fumigatus og A. flavus. A. flavus produserer aflatoksin, eit giftstoff og karsinogen som potensielt kan kontaminera mat. A. fumigatus og A. clavatus kan forårsaka ulike allergisjukdommar. Somme artar fører til sjukdom i kornavlingar, særleg mais, der dei produserer mykotoksin og aflatoksin. Aspergillose er ei fellesnemning for sjukdommar forårsaka av Aspergillus. Vanlege symptom er feber, hoste, brystsmerte og andenaud. Mest utsett er folk med svekka immunforsvar og lungesjukdom.[1]

Cryptococcus[endre | endre wikiteksten]

Kryptokokkar (Cryptococcus)

Cryptococcus neoformans kan føre til alvorleg hjernehinnebetennelse og meningoencefalitt (betennelse i både hjernehinner og sjølve hjernen) hos folk med Hiv-infeksjon og aids. Kryptokokkar lever for det meste i jorda og fører vanlegvis ikkje til sjukdom hos menneske. C. laurentii og C. albidus har i enkelte høve forårsaka moderat til alvorleg sjukdom hos menneske med svekka immunforsvar. C. gattii er endemisk for tropiske områder i Afrika og Australia, og kan føre til sjukdom hos folk med normalt immunforsvar.[1]

Histoplasma[endre | endre wikiteksten]

Histoplasmose, PAS-farging

Histoplasma capsulatum kan føre til histoplasmose hos menneske, hundar og kattar. Soppen er vanlegast i Amerika, India og sør-Asia. Innanding av kontaminert luft er den vanlegaste årsaka til infeksjon.

Pneumocystis[endre | endre wikiteksten]

Pneumocystis jirovecii (eller carinii) kan føre til lungebetennelse hos folk med svekka immunforsvar, slik som hos nyfødde, eldre og folk med aids.[2]

Stachybotrys[endre | endre wikiteksten]

Stachybotrys chartarum kan føre til skade i respirasjonssystemet og kraftig hovudverk. Soppen er vanleg i hus i områder med vedvarande fukt.

Forsvar mot sopp[endre | endre wikiteksten]

Endotermi og homeotermi utvikla seg truleg som viktige, ikkje-spesifikke forsvar mot sopp hos pattedyr og fuglar.[3][4] Berre eit fåtal soppar klarer å overleve i varmblodige dyr. Til skilnad er insekt, krypdyr og amfibium i stor grad plaga av sopp.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 San-Blas G; Calderone RA, red. (2008). Pathogenic Fungi: Insights in Molecular Biology. Caister Academic Press. ISBN 978-1-904455-32-5. 
  2. Ryan KJ; Ray CG (editors) (2004). Sherris Medical Microbiology (4th utg.). McGraw Hill. ISBN 0-8385-8529-9. 
  3. Robert, V. A.; Casadevall, A. (2009). «Vertebrate Endothermy Restricts Most Fungi as Potential Pathogens». The Journal of Infectious Diseases 200 (10): 1623–1626. PMID 19827944. doi:10.1086/644642. 
  4. 4,0 4,1 Dunn, Rob (2011). «Killer Fungi Made us Hotblooded». New Scientist. Henta 15. november 2016.