Sopransaksofon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein rett sopransaksofon

Ein sopransaksofon er eit musikkinstrument i saksofonfamilien, og er stemt i B.

Sopransaksofonen er den minste av dei såkalla vanlege saksfonane (sopran-, alt-, tenor- og barytonsaksofon), og kling éin oktav lysare enn tenorsaksofonen. Saksofonen vert for det meste brukt innanfor jazz og i saksofonkvartettar, men vert av og til brukt i den klassiske musikken òg.

Sopransaksofonane finst hovudsakleg i to former, den rette og den bøygde. Den rette sopransaksofonen liknar mest på ein klarinett, og halsen på instrumentet kan anten vera lett bøygd eller rett. Lyden i den rette sopransaksofonen har ein meir obo-aktig lyd enn den bøygde, og skal vera enklare å intonere på. Denne typen er den mest produserte no til dags. Den bøygde sopransaksofonen liknar ein altsaksofon, berre i forminska storleik, men har ein mindre bøy på halsen. Lyden i det bøygde hornet skal ha ein meir saksofonlik lyd enn den rette, men skal vera vanskelegare å intonere på. Det bøygde var til skilnad frå den rette meir vanleg på 1930-talet.

I 2001 laga belgieren François Louis aulokromen, eit nytt treblåseinstrument som eigenleg er to sopransaksofonar som er sett saman, og ein kan spela på det unisont eller tostemt.

Dei meste kjende sopransaksofonistane innanfor jazzen er John Coltrane, Sidney Bechet, Jan Garbarek, Wayne Shorter, Joe Farrell, Steve Lacy, Lucky Thompson, Branford Marsalis, Paul Winter og Dave Liebman. Innanfor smooth jazzen er dei mest kjende Kenny G, Dave Koz og Grover Washington.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]