Sora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sora
Capuchinbrua over Sora i Skofja Loka
Capuchinbrua over Sora i Skofja Loka
Utspring Selščica, Poljanščica
Munning Sava
Land i nedslagsfelt Flag of Slovenia.svg Slovenia
Lengd 51 km
Middelvassføring 25 m³/s

Sora er ei elv i Slovenia. Ho er 51 km lang og renn nordaust i landet. Elva spring ut i Škofja Loka-fjella. Ho er danna av kjeldeelvene Poljanska Sora eller Poljanščica, som renn gjennom dalen Poljanska dolina, og Selška Sora eller Selščica frå dalen Selška dolina. Sora munnar ut i Sava ved Medvodah. Middelvassføringa hennar ved munningen er 25 m³/s. Elva har store variasjonar i vassføring, og fløymer ofte over. Den største vassføringa ved munningen, som blei målt i 1990, var 690 m³/s.

Poljanska Sora er 43 km lang medan Selška Sora er 32 km.[1] Dei renn saman i Škofja Loka og renn saman som Sora i 9,2 km til Medvode, der elva renn ut i Sava. Tek ein med Poljanska Sora, den lengste av kjeldeelvene, er Sora 52 km lang.[1] Dette gjer henne til den 15. lengste elva i Slovenia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sora
Spire Denne geografiartikkelen som har med Slovenia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.