Sordin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Sordin av gummi på ein cello.
Trompet med ulike typar sordinar.

Ein sordin er ein dempar brukt med visse musikkinstrument for å skape ei dempa klang.

  • For messinginstrumenta er sordinen eit kjegle- eller pæreforma stykke av tre, metall, papp eller anna materiale som blir plassert i sjallstykket.
  • For strykeinstrumenta er sordinen eit mindre kamforma stykke tre eller gummi som blir plassert på stolen til strykeinstrumentet. Spesielle øvingssordinar eller nattsordinar er av metall og laga for å dempe lyden så mykje som mogeleg.
  • Pianoet kan sordinerast ved å trykke ned den venstre pedalen. Dette forskyv anslagsmekanismen, slik at hammarene berre treff ein del av strengekoret slik at klangen blir svakare.
  • Slagverk kan sordinerast ved å legge eit pledd over skinnet.

Sordin utanfor musikken[endre | endre wikiteksten]

  • Ein Hamsun-roman frå 1909 har tittelen En vandrer spiller med sordin.
  • I diktet «Hundrede fioliner» av Arnulf Øverland står det skrive: «Og engang kommer den hellige natt / da evighetens sordiner / forvandler den bitreste kval du har hatt / til hundrede fioliner».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]