Nahal Sorek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sorekelva)
Nahal Sorek
elv
Land  Israel
Koordinatar 31°45′21.25″N 35°03′0.59″E / 31.7559028°N 35.0501639°E / 31.7559028; 35.0501639
Kart
Nahal Sorek
31°53′00″N 35°11′16″E / 31.883388°N 35.18765°E / 31.883388; 35.18765
Wikimedia Commons: Nahal Sorek

Nahal Sorek (hebraisk נחל שורק), òg kalla Soreq, er ei av dei største elvane i Judeafjella.[1] Ho er nemnt i Domarane 16:4 i Bibelen som grensa mellom filistrane og Dan-stamma av israelittane. Ho vert på arabisk kalla Wadi Surar.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Midrash omtalar sorek som eit «fruktlaust tre» (ordet רק req tyder «tom» på hebraisk), og syner ei til ei moralsk soge og ein metafor som indikerer at forholdet til Samson med Dalila til slutt var fruktlaust.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Restane av Nahal Sorek jernbanestasjon.

Bibelsoge[endre | endre wikiteksten]

Nahal Sorek var staden der Dalila budde, og Samson møtte henne her første gongen. Det var òg staden der ho lokka han til å fortelje ho løyndomen om styrken hans, og der han til slutt vart fanga av filistrane:

« Ein gong kom Samson til Gaza... Sidan vart Samson glad i ei kvinne i Sorek-dalen. Ho heitte Dalila. Då kom hovdingane over filistarbyane opp til henne og sa: «Sjå om du kan få lokka han til å seia kvar han har den store styrken sin frå, og korleis vi kan rå med han og binda han, så vi får bukt med han. Så skal kvar av oss gje deg elleve hundre sjekel sølv.»... »

—Domarane 16

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

På 1800-talet tente Nahal Sorek som ein viktig vassveg mellom dei to store byane i området, Jaffa og Jerusalem. Fordi jernbanane på denne tida var avhengig av vatn, valde fleire landmålarar som planla den første jernbanen i Midtausten, Jaffa–Jerusalem-banen, å bruke Nahal Sorek som hovudruta for linja. Mange tunnelar vert i dag grave ut for å lage ein høgsnøggleiksbane til Jerusalem. Denne vil unngå Nahal Sorek og korte ned ruta. Den gamle jernbanen langs Nahal Sorek er òg oppgradert og vil vere i bruk sjølv etter høgsnøggleiksbanen har kome i bruk.

Nahal Sorek vest i Jerusalemfjella.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Protecting The Environment, arkivert frå originalen 12. juli 2018, henta 1. oktober 2014 

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]