Sorenskrivargarden i Leikanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sorenskrivargarden i Leikanger består av tre kvitmåla hus og ligg ved Sognefjorden attmed tinghusa og Leikanger kyrkje. Den første delen av hovudbygningen vart bygd rundt 1820, medan resten av dette bygget samt dei to uthusa har kome til etterkvart.

Garden og gardstunet[endre | endre wikiteksten]

Sorenskrivargarden har heilt frå 1862 hatt preg av embetsmannsgard med hovudbygning og fleire småhus. Tunskipnaden var truleg rekkjetun på grunn av det bratte lendet. Hovudhuset og andre bustadhus låg samla for seg eit stykke frå diftsbygningane. I 1865 hadde garden fire kyr og var for ein stor del oppdyrka. Heile garden var eitt einaste stykke, og nesten alt var innplanta med frukttre.

Stil og form[endre | endre wikiteksten]

Hovudbygningen har ein stil og plan som vart vanleg fyrst på 1800-talet. Gode konjunkturar ga føresetnad for impulsar utanifrå. Den såkalla symmetriske planen fekk innpass. Denne planen har sitt utgangspunkt i renessansen. Stilmessig er den knytt til nyklassisismen. Det kjem til syne i romløysinga ved store rom framme og små rom bak, og ved enkle former med enkle detaljar i eksteriør og interiør, på inngangsdører, ved blomster- og sløyfelement og rikt listverk. Bygningen er oppført i to steg. Den midtre delen skal vera bygd i 1820-åra. Dei to fløyane vart påbygde i 1866 sameleis arken opp mot vegen.

Fyrste sorenskrivaren på Leikanger[endre | endre wikiteksten]

Georg Martin Hjort var sorenskrivar i Ytre Sogn i åra 1850-1864, og han kjøpte først garden Nybø som såleis vart den fyrste sorenskrivargarden i Leikanger. Tre år seinare selde han garden til Staten som frå 1862 tok han i bruk som fylkesmannsgard. I mellomtida kjøpte sorenskrivar Hjort delar av garden Halland, det som i dag er sorenskrivargarden i Leikanger. I 1865 selde Hjort også denne eigedomen til Staten v/Oplysningsvæsenets Fond som ville ha den til embetsgard for sorenskrivaren i Ytre Sogn. Ved Kongeleg resolusjon av 27. mai 1864 vart det gjeve samtykke til kjøp av eigedommen med dette føremålet.

Sorenskrivarar i Leikanger[endre | endre wikiteksten]

Ytre Sogn Sorenskrivarembete hadde sete på Leikanger i perioden 1850-1974. I 1974 vart kontoret flytta til Høyanger. Sorenskrivarar i Leikanger-tida var:

  • 1850-1864 Georg Martin Hjorth
  • 1864-1896 Carl Johan Fleischer
  • 1897-1903 Alrich Døscher
  • 1903-1912 Gunnerus Garmann Gløersen
  • 1912-1921 Peter Nissen Arentz
  • 1921-1927 Erik Toralf Solem
  • 1927-1942 Han Cappelen Borchenius
  • 1945-1945 Lars A. Danielsen (mellombels utnemnd 1945)
  • 1945-1954 Finn Dahlin
  • 1954-1964 Tage Petterson
  • 1964-1974 Råmund Stuhaug

Bruk dei seinare åra[endre | endre wikiteksten]

Leikanger kommune overtok sorenskrivargarden frå Staten i 1974 då Sorenskrivaren for Ytre Sogn flytte til Høyanger. I åra 1974 - 1977 hadde kyrkja og sosialetaten kortare opphald i bygningen. Nokre rom vart og ei tid nytta som bustad. I 1977 flytte det nyoppretta Statens kartverk, Sogn og Fjordane, inn, og hadde kontor til verksemda flytte inn i nabobygget, det nye Statens Hus, i 1991. Etter ei omfattande oppussing flytte så Sogn revisjonsdistrikt med sine 8 tilsette inn i 1. etasje i mai 1994 og heldt til her i fleire år. Seinare har også Statens Utdanningskontor i Sogn og Fjordane, ei avdeling under fylkesmannen, hatt sine kontor i Sorenskrivargarden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]