Sorgfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sorgfjorden er ein fjord på austsida av SpitsbergenSvalbard, om lag ni km lang og tre km brei ved munningen. Han munnar ut nord i Hinlopenstretet. Fjorden har vore mykje brukt som base for fangstfartøy og vitskaplege ekspedisjonar. Ved munningen av Sorgfjorden ligg Eolusneset med Eoluskrossen, som har fått namn etter ein kross på toppen. Etter innskrifta på krossen er det reist i 1855 av skippar C Holmgren på barken «Eolus» frå Bergen, som då var omgjeven av is. Det er 30 gravar på odden.

Sorgfjorden har truleg namn etter ei konflikt i 1693, då 40 nederlandske kvalfangstbåtar vart angripne av franskmenn, og 13 båtar vart kapra. Denne hendinga skjedde her eller i Lomfjorden.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Den norske los, vol. 7, 2 utg. (Stavanger: Norges sjøkartverk og Norsk polarinstitutt, 1990).
  • The Place-names of Svalbard Norsk polarinstitutt 1942/2001 ISBN 82-90307-82-9

Koordinatar: 79°31′50″N 17°54′06″E