Soroptimist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Soroptimist International (SI) er ein frivillig organisasjon som arbeider for betre livssituasjon for kvinner og jenter lokalt, nasjonalt og internasjonalt.[1]

Ordet «soroptimist» kjem av latin og kan omsetjast til «den beste syster» eller «beste for kvinner». Gjennom bevisstgjering og prosjekt arbeider soroptimistar for å fremje menneskerettigheiter for alle, i tillegg til å betre levekåra til kvinner og barn. Medlemane bidreg med eigeninnsats til lokale og internasjonale prosjekt.    

Formål[endre | endre wikiteksten]

Kvart fjerde år fastset SI programområde med mål som det skal arbeidast mot. Måla blir følgde opp i alle delar av organisasjonen, heilt ned til klubbnivå. I perioden 2011-2015 skal SI arbeide for å betre kvinners og jenters liv og status gjennom utdanning, myndiggjering og ved å legge til rette for personleg utvikling. Måla er tufta på FN sine tusenårsmål:  

  1. Betre kvinners og jenters moglegheit for formell og uformell opplæring  
  2. Betre moglegheitene for økonomisk sjølvstende og bærekraftige arbeidsvilkår for kvinner  
  3. Gjere slutt på vald mot kvinner og jenter, og sikre kvinner sin deltaking i konfliktløysing  
  4. Sikre kvinner og jenter tilstrekkelig mat og best mulige helsetenester  
  5. Ivareta kvinners og jenters særlige behov ved å sikre eit berekraftig miljø og redusere effektane av klimaendringar og naturkatastrofar  

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første Soroptimistklubben blei starta i 1921 av 80 yrkesaktive kvinner i Oakland i California. Dei første klubbane i Europa (London og Paris) blei chartra i 1924. I Norge ble den første klubben starta i Oslo i 1933, og den andre kom i Bergen i 1938. Med to klubbar på plass, kunne ein stifte ein union, og i 1939 blei Soroptimist International Union of Norway (Norgesunionen) stifta.    

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Soroptimist International er representert i 132 land, og har til saman 93.000 medlemar.  

Lokale soroptimistklubbar[endre | endre wikiteksten]

Kvar soroptimist er med i sin lokale klubb. I Noreg er det i dag rundt 60 klubbar. Desse klubbane utgjer Norgesunionen.[2]

Norgesunionen[endre | endre wikiteksten]

Soroptimist International Norway (Norgesunionen) blei stifta i 1939, og er ein er ein del av Europaføderasjonen. Norgesunionen har i 2015 om lag 1850 medlemmer fordelt på 63 klubber. Unionspresident frå 2015 er Kirsti Guttormsen.  

Europaføderasjonen  [endre | endre wikiteksten]

Soroptimist International Europe (Europaføderasjonen) består av 58 land i Europa og Afrika.  Europaføderasjonen har om lag 35.000 medlemar i 1230 klubber i 58 land i Europa og Afrika. Soroptimist International i Europa har om lag 1 090} klubber og nesten 35.000 medlemar. Dei 26 nasjonale unionene i SI/Europe er: Belgia, Bulgaria, Danmark, Tyskland, Elfenbenskysten, Finland, Frankrike, Hellas, Island, Israel, Italia, Kenya, Litauen, Luxembourg, Madagaskar, Nederland, Norge, Austerrike, Polen, Portugal, Romania, Sverige, Sveits,Senegal, Tyrkia og Ungarn.I tillegg fins enkeltklubbar i: Egypt, Albania, Benin, Bosnia-Hercegovina, Burkina Faso, Estland, Georgia, Ghana, Guinea, Haiti, Kroatia, Latvia, Liechtenstein, Mali, Marokko, Moldova, Monaco, Nigeria, Rwanda, Russland, San Marino, Slovakia, Slovenia, Spania, Togo, Ukraina og Kypros.  

Soroptimist International[endre | endre wikiteksten]

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

SI har, som en ikkje-statleg organisasjon (NGO) konsultativ status i FN. Det vil sei at organisasjonen har rett til å stille spørsmål i FAO, UNESCO, ECOSOC, UNICEF, ILO, UNHCR, CSDHA og UNIDO. SI er akreditert i Europarådet.

Prosjektarbeid[endre | endre wikiteksten]

Prosjekt er sentralt på alle nivå i SI, og prosjekt er den viktigaste drivkrafta i organisasjonen sitt arbeid. Her er nokre av prosjekta:

  • Utdanningsfondet. Formålet er å yte økonomisk støtte for kvinner i utviklingsland kor det er soroptimistklubbar som tilhører den Europeiske Unionen (SIE).
  • Moldovaprosjektet
  • Lilla sløyfer. Går til arbeidet med å bekjempe menneskehandel.
  • Soroptimistenes mentorprogram. Formål: å rettleie utanlandske kvinner med høgare utdanning med å nå sine mål i den norske arbeidsmarknaden.
  • Soroptimists go Green. Formål: skaffe rent drikkevatn
  • I tillegg har kvar klubb prosjekt i sitt lokalmiljø

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]