Sosial dumping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein medlem av Norsk Sjømannsforbund under ei markering mot sosial dumping på Eidsvolls plass i Oslo i 2015.
Foto: Brage Aronsen

Sosial dumping viser til arbeidstakarar, ofte utanlandske, som har dårlegare lønns- og arbeidsvilkår enn det som er normalt for same type arbeid.[1] Dette gjeld også brot på reglar om helse, miljø og tryggleik (HMS), som reglar om arbeidstid og krav til bustandard.[2]

I Noreg har omgrepet særleg vorte brukt om arbeidstakarar frå Aust-Europa. Dei utanlandske arbeidstakarane går ofte med på dårlegare vilkår enn dei norske på grunn av eit lågare lønnsnivå i heimlandet. Dette kan igjen ha uheldig innverknad på vilkåret til norske arbeidstakarar og evna norske verksemder har til å konkurrera om oppdrag.

Sosial dumping førekjem særleg i bygg og anlegg, verftsindustrien, reinhald, landbruket, fiskeindustrien, transport, bilpleie og overnatting og servering.[3] Det vert sagt at sosial dumping aukar risikoen for arbeidsulykker.[4] Medverkande årsaker til dette er at arbeidsinnvandrarane utfører farlegare arbeid, yrkjer meir, har meir skiftarbeid og yrkjer meir overtid. I tillegg fører språkproblem til dårlegare opplæring og HMS-prosedyrar.[5]

I praksis førekjem sosial dumping som regel når det er store lønnsforskjellar mellom to land. I mange europeiske land finst det ein nasjonal minstelønn, ofte fastsett av staten. I dei nordiske landa er det partane i arbeidslivet som forhandlar lønn som vert fastsett i tariffavtalar. I Noreg finst det ei moglegheit til å ålmenngjera heile eller delar av ein tariffavtale når det kan dokumenterast at sosial dumping har skjedd. Det er Tariffnemnda som avgjer om ein slik avtale skal ålmenngjerast.[6] I Danmark og Sverige finst inga slik moglegheit.[7]

Soge[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet «Sosial dumping» vart allereie brukt i diskusjonar i Folkeforbundet i 1920-åra, og seinare ved The World Economic Conference i 1927, men då som ei nemning for eksport av varer frå land med lågare standardar for arbeidsvilkår til land med høgare kostnadsnivå (League of Nations, Final Report, Genève 1927).[8] Sosial dumping kan samanliknast med dumping som er eit omgrep om handelen mellom to land, der det eine landet eksporterer varer til ein pris som er lågare enn produksjonskostnaden.

EØS-avtalen[endre | endre wikiteksten]

Sosial dumping vart aktualisert i norsk samfunnsdebatt då Noreg knytte seg til den indre marknaden i det europeiske fellesskapet (EF/EU) igjennom EØS-avtalen. Denne avtalen tredde i kraft i 1994, og syrgde for at Noreg, med nokre unntak, vart ein del av denne marknaden. Mellom anna kunne arbeidarar frå andre medlemsland byrja å arbeida i Noreg utan store problem. På sikt ville dette innebera at det i teorien skjer ei økonomisk utjamning mellom medlemslanda i den indre marknaden. For rike land med høge lønningar – slik som i Noreg – kunne dette tyda eit press nedover på lønns- og prisnivået. Dei norske styresmaktene forventa eit slikt press og brukte difor ei moglegheit som låg i EU-systemet til å gjeva ei lov om ålmenngjering av tariffavtalar, lov av 4. juni 1993. Føremålet var å hindra at norske arbeidstakarar fekk redusert lønn og opparbeidde arbeidsmiljøstandardar, og dessutan å sikra konkurransevilkåra for norske verksemder.

I det første tiåret med EØS-avtalen, mellom 1994 og 2004, bestod den indre marknaden av vesteuropeiske land. Trass i tydelege skilnadar i økonomiske og sosiale standardar, viste det seg at det ikkje var særleg stor auke i talet arbeidstakarar og tenesteytarar som flytta seg på tvers av landegrensene. Dette endra seg då EU vart utvida austover. Den 1. mai 2004 vart Estland, Latvia, Litauen, Polen, Slovakia, Tsjekkia, Ungarn og Slovenia EU-medlemer. I 2007 fylgde Bulgaria og Romania etter, og i 2013 vart Kroatia EU-medlem. Desse utvidingane av EU/EØS førte til ei største arbeidsinnvandring til Noreg.[9] Dette skapa låglønnskonkurranse/sosial dumping i den norske arbeidsmarknaden, særleg innanfor utsette bransjar som bygg, verftsindustri og reinhald.

Regjeringa Stoltenberg II (Ap, SP og SV), gjennomførte ei rekkje tiltak for å motverka sosial dumping.[10][11] Ålmenngjering vart for fyrste gang teke i bruk i fleire bransjar, noko som mellom anna innebar innføring av ein bransjebasert minstelønn. Innanfor dei ålmenngjorte områda er det gjeve reglar om informasjonsplikt og «påseplikt» (påseplikta inneber at hovudleverandøren skal sjå til at lønns- og arbeidsvilkåra er i samsvar med ålmenngjeringsforskriftene i alle ledd i kjeda av underleverandørane), og dessutan solidaransvar for lønn. Innanfor bygg og reinhald er det vidare innført krav om HMS-kort for å identifisera arbeidstakar og arbeidsgjevar. Regjeringa Solberg utarbeidde ein strategi mot arbeidslivskriminalitet i 2015, som vart revidert i 2017.[12] Statens definisjon av arbeidslivskriminalitet er «handlinger som bryter med norske lover om lønns- og arbeidsforhold, trygder, skatter og avgifter, gjerne utført organisert, som utnytter arbeidstakere eller virker konkurransevridende og undergraver samfunnsstrukturen.»[13]

Førebygging[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er det Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet som er dei viktigaste aktørane mot sosial dumping. Førebygginga skjer ved å utføra tilsyn av verksemdene og sjå til at dei fylgjer det norske regelverket for arbeidsmiljø.[5][14] Vidare vert det gjeve ut informasjon og rettleiing, og dessutan føregår det samarbeid med andre offentlege etatar og partane i arbeidslivet. Eit viktig tiltak mot sosial dumping har elles vore å ålmenngjera tariffavtalar som inneber at arbeidarane i næringa har krav på dei same lønns- og arbeidsvilkåra.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «sosial dumping» i Nynorskordboka.
  2. «Arbeidsinnvandring» jf. St.meld.nr. 18 (2007–2008:19) i Regjeringen.no
  3. «Sosial dumping», Landsorganisasjonen i Norge (på norsk), henta 25. mars 2023 
  4. «Hva er sosial dumping?», arbinn.nho.no (på norsk), henta 26. mars 2023 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Sosial dumping og arbeidslivskriminalitet», Regjeringen.no (på norsk), 1. oktober 2022, henta 25. mars 2023 
  6. inkluderingsdepartementet, Arbeids-og (4. januar 2018), «Om Tariffnemnda», Regjeringen.no (på norsk), henta 25. mars 2023 
  7. http://www.norden.org/no/publikationer/publikasjoner/2013-523 Arkivert 2013-11-08 ved Wayback Machine. | Arbeidstilsynenes roller, strategier og redskaper i arbeidet mot sosial dumping: En nordisk pilotstudie
  8. Evju, Stein (2009). «Almengjøring på norsk.» (PDF). Arbeidsrett og arbeidsliv. Bind 4 Hefte 1. 
  9. «Polakker lei av polske jobber», forskning.no (på norsk), 5. april 2013, henta 25. mars 2023 
  10. Arbeids- og inkluderingsdepartementet (1. desember 2006), «Ot.prp. nr. 12 (2006-2007)», Regjeringen.no (på norsk), henta 26. mars 2023 
  11. «Regjeringen til kamp mot sosial dumping», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), 1. mai 2007, henta 26. mars 2023 
  12. «Strategi mot arbeidslivskriminalitet». regjeringen.no. 13.02.2017. 
  13. «Arbeidslivskriminalitet - Økokrim», www.okokrim.no (på norsk), henta 26. mars 2023 
  14. «Om oss», www.arbeidstilsynet.no (på norsk), henta 25. mars 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Vidare lesing[endre | endre wikiteksten]