Sosialistisk Venstreparti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sosialistisk venstreparti)
Hopp til navigering Hopp til søk
«SV» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå SV (fleirtyding).
Sosialistisk Venstreparti
Sosialistisk Venstreparti Logo 2013.svg
IdeologiDemokratisk
sosialisme

Økososialisme
Feminisme
Oppretta1975
Farge          Raud og grøn
PartileiarAudun Lysbakken
UngdomsorganisasjonSosialistisk
Ungdom
Europeisk tilknytingNordic Green
Left Alliance
Ordførarar
1 / 428
Kommunestyre-
representantar
359 / 10 620
Fylkestings-
representantar
28 / 777
Stortings-
representantar
11 / 169
Medlemstal11 385 (2018)[1]
Nettstadsv.no

Sosialistisk Venstreparti (SV) er eit norsk reformsosialistisk parti stifta 16. mars 1975. I partiprogrammet slår partiet fast at det er eit sosialistisk og feministisk miljøparti. Partileiaren frå 2012 er Audun Lysbakken, som tok over etter Kristin Halvorsen. Nestleiarar er Kirsti Bergstø (frå 2017) og Torgeir Knag Fylkesnes (frå 2019). Partisekretær frå 2017 er Audun Herning. SV sat i ei koalisjonsregjering med Arbeidarpartiet og Senterpartiet frå 2005 til 2013, i regjeringa Stoltenberg, også kjend som den «raudgrøne regjeringa».

Valresultatet i 2013 var eit venta nederlag for partiet. Etter åtte år i den raudgrøne regjeringa heldt SV seg så vidt over sperregrensa, med ein oppslutnad på 4,1 prosent. Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2015 fekk SV høvesvis 4,1 og 4,2 prosent av røystene. Det var same oppslutnad som ved valet i 2011. Til tross for det svake valresultatet gjekk SV inn i byrådssamarbeid med Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne i Oslo. Marianne Borgen vart ordførar, og er dimed den fyrste frå SV som har oppnådd ein så høg politisk posisjon i den norske hovudstaden.[2]

SV var ved sida av Senterpartiet den store vinnaren ved stortingsvalet i 2017. SV fekk 6,0 prosent oppslutnad og elleve representantar. Det var ein framgang på 1,9 prosentpoeng frå valet i 2013, då partiet fekk sju representantar.

Ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Venstreparti heiter Sosialistisk Ungdom (SU). Leiar frå juni 2018 er Andreas Sjalg Unneland.

Politisk plattform[endre | endre wikiteksten]

Sosialistisk Venstreparti vil ifølgje partiprogrammet byggje eit samfunn basert på sosialisme i Noreg. Det tyder mellom anna at alle, uavhengig av inntekt, skal ha same tilgang til offentlege ytingar som utdanning, helsetenester og omsorg. Partiet ønskjer å erstatte det kapitalistiske systemet, der marknadskreftene rår, med eit meir demokratisk økonomisk system. SV går inn for full likestilling mellom kjønna og kallar seg «eit feministisk parti».

Viktige saker for partiet er miljøpolitikk og kamp mot menneskeskapte klimaendringar. SV er oppteke av internasjonal solidaritet og ønskjer ei rettferdig fordeling av ressursar nasjonalt og globalt.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Røtene til Sosialistisk Venstreparti ligg i krinsen rundt avisa Orientering, som vart stifta av venstreopposisjonen i Arbeidarpartiet i 1952. Miljøet rundt bladet var prega av skepsis til begge supermaktene, USA og Sovjetunionen, og var sterkt kritisk til moderpartiet si opne USA-venlege haldning. I 1961 braut heile miljøet, leidd av redaktør Finn Gustavsen, ut or AP og danna Sosialistisk Folkeparti, i protest mot eit AP-vedtak som kunne opna for atomvåpen på norsk jord. Ved stortingsvalet same år fekk partiet to representantar.

I 1973 gjekk partiet inn i Sosialistisk Valforbund, som fekk ein relativt stor oppslutnad (11%) i valet det året. Norges Kommunistiske Parti, Demokratiske Sosialistar (utbrytarar frå Arbeidarpartiet) og nokre uavhengige venstreorienterte politikarar deltok saman med SF i dette forbundet. Alliansen oppstod etter at desse hadde stått saman på den politiske venstresida i kampen mot norsk medlemskap i EF (i dag EU) før og under folkerøystinga i 1972. Arbeidarpartiet miste mange røyster til Sosialistisk Valforbund ved stortingsvalet i 1973, særleg fordi det hadde framstått som eit reint ja-parti i EF/EU-striden. Då Valforbundet oppnådde heile 11,2 prosent av røystene og 16 mandat ved valet i 1973, vart det aktuelt med spørsmålet om ei varig partidanning som kunne halde fram med suksessen.

Sosialistisk Venstreparti vart stifta i 1975 av Sosialistisk Folkeparti, Norges Kommunistiske Parti, Demokratiske Sosialister – AIK (som hadde oppstått som ein fraksjon av EF-motstandarar i Arbeidarpartiet i 1972) og uavhengige sosialistar. Sosialistisk Venstreparti var ei vidareføring av Sosialistisk Valforbund.

Allereie hausten 1975 trekte likevel Norges Kommunistiske Parti seg ut av det nye partiet, sjølv om atskillege, også fremståande kommunistar, vart verande i SV. Derimot gjekk Sosialistisk Folkeparti (SF) opp i SV, vart avvikla som eige parti i 1976, men kom til motyting snart til å prege SV såpass sterkt at det nærmast stod fram som eit framhald av SF. Den nye avisa til SV vart Ny Tid (uavhengig frå 1998), medan SF-organet Orientering gjekk inn.

Etter 1980[endre | endre wikiteksten]

Allereie ved kommunevalet i 1975 viste det seg at oppslutnaden om SV var attende på gamalt SF-nivå. Seinare fekk partiet ein viss framgang, ikkje minst takk vere dåverande parlamentariske leiar Hanna Kvanmo, og SV vart eit radikalt alternativ på den politiske venstrefløyen i Noreg.

SV markerte seg i 1980-åra særleg sterkt i tryggingspolitikken. I 1990-åra var SV leiande i motstanden mot EU, samtidig som partiet prøvde å føre ein radikal fordelingspolitikk. Partiet svingte mykke i oppslutnad og fekk problem med å oppnå posisjonar. I perioden 1991–1995 sat partiet for fyrste gong i byrådssamarbeid med Arbeidarpartiet i Oslo.

Krigane på Balkan utover på 1990-talet vart ei hard påkjenning for det indre samhaldet i SV. Då NATO i 1999 sette i gang bombinga av Serbia, for å stanse den etninske reinsinga til president Slobodan Miloševićs, var SV nær ved å bli splitta på landsmøtet same våren. Partileiaren Kristin Halvorsen forsvarte bombinga, medan ein monaleg del av utsendingane var sterkt imot.

Oppslutnaden om SV har variert mellom kring 4 % og opp til 12 %.

Valhistorikk[endre | endre wikiteksten]

Stortingsvalresultat 1973–2017
Årstal Prosent av røystene Mandat
1973 11,2 %
16 / 155
1977 4,2 %
2 / 155
1981 4,9 %
4 / 155
1985 5,5 %
6 / 157
1989 10,1 %
17 / 165
1993 7,9 %
13 / 165
1997 6,0 %
9 / 165
2001 12,5 %
23 / 165
2005 8,8 %
15 / 169
2009 6,2 %
11 / 169
2013 4,1 %
7 / 169
2017 6,0 %
11 / 169
      Kommunevalresultat 1975–2015
Årstal Prosent av røystene
1975 5,5 %
1979 4,1 %
1983 5,1 %
1987 5,5 %
1991 11,6 %
1995 6,0 %
1999 7,8 %
2003 12,4 %
2007 6,2 %
2011 4,1 %
2015 4,1 %
      Fylkestingsvalresultat 1975–2015
Årstal Prosent av røystene
1975 5,7 %
1979 4,4 %
1983 5,3 %
1987 5,7 %
1991 12,2 %
1995 6,1 %
1999 8,5 %
2003 13,0 %
2007 6,5 %
2011 4,3 %
2015 4,0 %

Tilknytingar[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Storparten av medlemsmassen i det nyoppretta SV var ekskludert eller utmeld frå Arbeidarpartiet. I dag er partiet det største partiet til venstre for Ap.
  • SV har vore krasse i kritikken av LO sine tette band til Ap, og dei har gjeve uttrykk for at tillitsvalde i SV-organisasjonen har hatt vanskar med å sleppe til i LO-leiinga.
  • SV er medlem i den nordiske partialliansen Nordic Green Left Alliance.

Leiing[endre | endre wikiteksten]

Berit Ås, den fyrste partileiaren i SV.
Audun Lysbakken er partileiar i SV sidan 2012.

Partileiarar[endre | endre wikiteksten]

Parlamentariske leiarar[endre | endre wikiteksten]

Regjeringar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «SV-jubel over kraftig medlemsvekst». Dagens Næringsliv. Henta 11. oktober 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Sosialistisk Venstreparti». Store norske leksikon. 5. juli 2018. Henta 25. januar 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]