Sosialistpartiet i Nederland
Utsjånad
| Sosialistpartiet i Nederland | |||
| | |||
| Land | Nederland | ||
|---|---|---|---|
| Partileiar(ar) | Jan Marijnissen[1] | ||
| Grunnlagt | 10. oktober 1971[2] | ||
| Hovudkvarter | Amersfoort | ||
| Medlemstal | 28 380 (1. januar 2026)[3] | ||
| Ideologi | demokratisk sosialisme, venstrepopulisme, republikanisme | ||
| Politisk posisjon | venstresida | ||
Sosialistpartiet (på nederlandsk Socialistische Partij, SP) er eit sosialistisk parti i Nederland. Det blei danna i 1972 som eit maoistisk parti, men forlet i 1991 formelt «marxismen-leninismen» som grunnlag, etter i praksis å ha gått bort frå desse dogmene lenge før. I 1994 fekk partiet sine første parlamentsmedlemmer, og i 1999 fekk det valt sin første medlem i EU-parlamentet, der det no har to. Der høyrer til dei venstregruppa GUE-NGL, Det sameinte europeiske venstre-Nordiske grøne venstre. Etter parlamentsvalet i 2010 var det det femte største partiet i Nederland, med 15 representantar i det nederlandske parlamentet. Leiar er Jan Marijnissen.
Oppslutning ved parlamentsval 1994-2010
[endre | endre wikiteksten]| Årstal | Mandat | Røyster | |
|---|---|---|---|
| 2010 | 15 | 9,8 % | |
| 2006 | 25 | 16,6 % | |
| 2003 | 9 | 6,3 % | |
| 2002 | 9 | 5,9 % | |
| 1998 | 5 | 3,5 % | |
| 1994 | 2 | 1,3 % | |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Engelskspråklege nettsider Arkivert 2005-02-05 ved Wayback Machine.