Sosiokulturalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sosiokulturalisme er eit rammeverk innan samfunnsvitskapane som voks fram etter kvart som ein fann ut at resultat frå laboratorieeksperiment med einskildsindivid ikkje stemde med det som skjedde når ein studerte situasjonar i verda utanfor laboratoriet.

Sosiokulturell teori om kunnskap og læring er ikkje nokon eintydig storleik. Det finst ingen «sosiokulturell læringsteori», men ulike retingar og ulike vektingar. Det sosiokulturelle perspektivet går under nemningane kulturhistorisk, sosiohistorisk, sosiointeraktivt og situert perspektiv.

Dei grunnleggande ideane er likevel rimeleg klåre: Det er ufornuftig å dele kognisjon og motivasjon frå den sosialt medierande konteksten, eller for den saks skuld, individ frå sine aktivitetar og samanhengen desse skjer i. Kunnskapen må konstruerast av individet i ein sosial samanheng, noko som medfører at kunnskap må sjåast på som forankra i og distribuert mellom individa og historiske, sosiale og kulturelle tilhøve.

Med ei sosiokulturalistisk grunnhaldning legg ein vekt på diskursar. Kunnskapssynet er i dette paradigmet pragmatisk. Dette tyder at tilegning av kunnskap er ei handling, og dermed å rekne for ein praktisk aktivitet. Dette fører til at ein har fokus på samanhengen kunnskapen er tileigna i. Viktige omgrep i denne tradisjonen er praksisfellesskap, den nære utviklingssona, medierande artefakter og handlingsboren kunnskap.

I denne tradisjonen set ein ikkje individet i sentrum av læringa, men den sosiale samhandlinga som individet er ein del av. Ein gjer seg nytte av fleire fagområde, t.d. antropologi, sosiologi, psykologi og pedagogikk, men i botnen av studia ligg ei tru på at læring er noko som skjer i ei sosial samhandling/i ein kultur, og at kunnskapen ein aktør har berre er delar av den totale kunnskapen som trengst. Resten av kunnskapen er samla i sosiale strukturar (t.d. eit byggjelag) og artefakter (t.d. hammar) .

Lev Vygotsky vert gjerne sett på som portalfiguren for dette paradigmet innan pedagogikken. Sjølv om Vygotsky var kognitivist, i den forstand at han var opptatt av kognitiv utvikling, skil han seg frå t.d. Piaget ved at han sette den stimulansen som omgivnadane gav barnet i sentrum, ikkje barnet si indre utvikling. Det som Vygotsky retta fokuset mot var den objekt-orienterte handlinga som vart mediert av kulturelle verktøy og teikn .

I eit kulturalistisk læringsmiljø er det lagt til rette for at den lærande skal fungere i den kulturen ein lærer for å meistre. Skulen er ein institusjon ein gjerne ser på som lausriven frå røyndomen, og ein må knyte kontaktar med t.d. eit meieri for å hente seg handlingsboren kunnskap når ein skal lære om mjølk for å knyte kunnskapane inn i kulturen .

I denne tradisjonen er det høgt fokus på samhandling i grupper, og at studentane kommuniserer seg imellom — skaper diskursar — og får samhandle med kompetente personar. Innanfor dette paradigmet er altså fokuset på samhandlinga mellom aktørane og ikkje på sjølve aktørane (slik som i den kognitive tradisjonen). Dette utelukkar på ingen måte at det skjer individuelle kognitive prosessar, men desse kan ikkje studerast utan å ta omsyn til kulturen dette skjer i.