Sosiologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sosiologi er ein samfunnskunnskap, vitskapen om det sosiale. Fokuset til sosiologien er relasjonane mellom menneska som individ eller grupper (inkludert heile samfunnet). Oppgåva til sosiologien er å beskrive dei sosiale relasjonanes struktur, funksjonar og utvikling. Det sosiologiske arbeidet er å undersøke samfunnet, i alle delar, og så prøve å skapa eit mest mogleg heilskapleg bilde ut av det gjennom teori og metode. Sosiologiens teoriar skal au kunne beskrive sosiologien sjølv, sidan sosiologien i seg sjølv er eit resultat av sosial samhandling.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sosiologi er eit relativt nytt fag samanlikna med andre samfunnsfag som økonomi, antropologi, statsvitskap og psykologi.

Uttrykket sosiologi blei skapa av Auguste Comte, som håpa å laga eit nytt fag for studie av heile menneskeslekta, inkludert historie, psykologi og økonomi. Det sosiologiske synet hans var typisk prega av opplysningstida, og han mente at heile menneskeslekta passerer dei same historiske trinna. Viss ein klarte å forstå dette, mente Comte at ein kunne førebygge og rette på mange av dei negative sidene til samfunnet.

I staden for å erstatte de andre faga, enda sosiologien opp blant dem; med sin eigen distinktive metode for å forklare verda.

Sosiologar[endre | endre wikiteksten]

Kjende internasjonale sosiologar er m.a. Auguste Comte, Emile Durkheim, Gabriel Tarde, Ferdinand Tönnies, Georg Simmel, Karl Marx, Max Weber, Albion Woodbury Small,C. Wright Mills ,Charles Horton Cooley, Ibn Khaldun, Pitirim Sorokin, Vilfredo Pareto, Robert E. Park, Louis Althusser, Karl Mannheim, Talcott Parsons, Robert K. Merton, Peter Blau, Reinhard Bendix, Norbert Elias, Ralf Dahrendorf, John Rex, David Lockwood, Erving Goffman, Harold Garfinkel, Anthony Giddens, Pierre Bourdieu, Peter Wagner David Harvey og Niklas Luhmann, .

Kjende norske sosiologar er m.a. Vilhelm Aubert, Ewald Bosse, Jon Elster, Gudmund Hernes, Sverre Lysgaard, Dag Østerberg, Per Otnes, Eilert Sundt, Hildur Ve og Kari Wærness.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]