Hopp til innhald

Sosnowiec

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sosnowiec
by
Sosnowiec.
Flagg
Våpenskjold
Land  Polen
Fylke Schlesiske voivodskap
Høgd 250 m
Areal 91,06 km²
Folketal 185 930 (30. juni 2024)[1]
Byrettar 1902
Postnummer 41-200 til 41-225
Retningsnummer +48 32
Bilnummer SO
Kart
Sosnowiec
50°18′00″N 19°10′00″E / 50.3°N 19.166666666667°E / 50.3; 19.166666666667
Wikimedia Commons: Sosnowiec

Sosnowiec er ein by sør i Polen. Han ligg nær Katowice i Schlesiske voivodskap, og var ein av dei største byane i Øvre Schlesien industriområde. Historiske høyrde derimot Sosnowiec til Zagłębie Dąbrowskie og ikkje Schlesien. Byen har om lag 185 000 innbyggjarar.

Namnet på byen vert stundom skrive på mange forskjellige måtar, som Sosnowietz, Sosnowitz, Sosnowjyc (schlesisk), Sosnovits (jiddisk), Sosnovyts, Sosnowyts, Sosnovytz, Sosnowytz, Sosnovets (russisk) og Sosnovetz. Det er fem mindre byar i Polen som òg heiter Sosnowiec. Dei ligg i regionane Bydgoszcz, Kielce, Łódź, Łomża og Opole.

Sosnowiec er ein forholdsvis ny by og fekk byrettar først i 1902. Han oppstod då fleire landsbyar og busetnader, som er langt eldre, vart slått saman. Den eldste av desse er Milowice, Sielec og Pogoń, medan Modzejów,Niwka, Środula og Radocha om lag er like gamle. Etter den tredje delinga av Polen vart Sosnowiec gjeven til Kongedømet Preussen og vart så ein del av Hertugdømet Warszawa og Kongress-Polen under Russland.

Rundt byen var det mange gode naturressursar og då jernbanen mellom Warszawa og Wien kom til staden i 1859, voks byen raskt. Då byen fekk byrettar av tsar Nikolaj II hadde han 60 000 innbyggjarar.

Sosonowiec leid under begge verdskrigane. Under den første verdskrigen vart det meste av industrien stengd eller øydelagd, og under den andre verdskrigen vart mange av innbyggjarane i byen terroriserte og mange avretta. I januar 1945 vart byen frigjord og utviklinga kunne starte på nytt att.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sosnowiec