Sosva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sosva
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 24 700 km²
Lengd 635 km
Kjelde Uralfjella
Munning Tavda
Kart
Sosva
59°33′01″N 62°19′58″E / 59.55021°N 62.33286°E / 59.55021; 62.33286
Wikimedia Commons: Sosva River

Sosva (russisk Сосьва) er ei elv i Sverdlovsk oblast i Russland og ei av kjeldeelvane til Tavda frå høgre. Elva er 635 km lang og har eit nedslagsfelt på 24 700 km².

Sosva har utspring rundt 6-700 moh., på austsida av Uralfjella gjennom dei to korte (under 20 km) tilløpselvane Store (Bolsjaja) og Vesle (Malaja) Sosva, og renn så gjennom ein til tider smal og bratt dal i fjellområdet Denesjkin Kamen (1492 moh). Frå her renn Sosva i sørover, og seinare nordaustover gjennom dei vestlegaste delane av Det vestsibirske låglandet, til ho 12 km nord for Gari til slutt renn saman med Lozva og dannar elva Tavda.

Ved busetnaden Sosva, rundt 160 km før munningen, har elva ei middelvassføring på 123 m³/s (minimum i mars med 17 m³/s, maksimum i juni med 453 m³/s). Vasstanden i dei midtre og nedre delane av elva kan variere med 5-6 meter i løpet av året. I dei nedre delane er elva 80-100 m bred, 3 m djup, og med ein straum på 0,3 m/s. Dei viktigaste sideelvane er Vagran, Turja, Kakva og Ljalja. Sosva er isdekt frå først i november til vårløysinga i april.

Sosva er farbar på dei nedste 333 km, opp til samløpet med sideelva Kakva nær Serov, men vert for tida berre rekna som offisiell vassveg på dei nedste 160 km, opp til busetnaden Sosva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]