Sotahjørnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

SotahjørnetVålerenga i Oslo er eit gamalt og uoffiselt namn på ein eigedom, Strømsveien 51, som ligg på gatehjørnet mellom Etterstadgata og Strømsveien. Hjørnet er kjend for at tilhengjarar av Vålerengens Idrettsforening samla seg i ein kafé som låg her i eit ein-etasjar hus tidlegare, for foreiniga hadde ikkje eige klubbhus. Sjølv om kafeen vart lagd ned i 1956, og huset rive nokre år seinare, er Sotahjørnet framleis eit omgrep knytt til Vålerengas fotballsupportarar, den såkalla Klanen. No ligg det eit bustadhus på to etasjar på eigedomen.

Namnet «Sotahjørnet» er kjend frå byrjinga av 1900-talet, og kan truleg vise til ei fru Sot eller Soot som har hatt å gjere med kafeen eller huset kafeen låg i.