Sotenäs skipreide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kungshamn ligg lengst ut på Sotenäset, og har som fiskevær anar allereie frå 1500-talet.

Sotenäs (Sotanes) skipreide var ei skipreide i nordre delen av Båhuslen. Ho femna om halvøya med same namn og øyane like ved, eller soknene Bärfendal, Tossene og Askum. I dag utgjer området Sotenäs kommun, unnateke Bärfendal som inngår i Munkedals kommun.

Då heile Båhuslen vart svensk territorium etter freden i Roskilde i 1658 vart skipreidene i landskapet innlemma i den svenske heradsordninga, og Sotenäs skipreide vart omskipa til Sotenäs härad.