Soteroen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gangaren Soteroen eller Fille-Værn (6/8-takt), er spela i Setesdal, Telemark og Numedal. Slåtten er stundom kalla Kjosekrullen, og dette tyder på at Jon Kjos kan ha vore kjelde til han. Namnet Soteroen skriv seg frå spelemannen Olav Soterud frå Seljord. Han hadde vore mykje i lag med Øystein Langedrag (som kan ha fått slåtten etter Jon Kjos). Slåtten heiter oftast Soteroen i Setesdal, men Fille-Værn i Telemark. I Setesdal er mest alle formene av slåtten skrivne ned i Bygland. Han er spela på Nedstilt bass. Soteroen er rekna som ein god danseslått, og er svært populær.

Slåtten er spela på Nedstilt bass.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket har slåtten under gruppenummer 113 (tilleggsform 156).

Supplementsnedskrift:

  • Det finst og ein slått som er katalogisert under 2/4-gangarane med taktskifte til 6/8 nr 174). Dette er ein halling etter Jørn Hilme, som mellom anna var nytta av Olav Moe. Slåtten er skriven ned etter Ola Bøe, Vestre Slidre, av Eivind Groven (G 1590).