Sotra
Sotra | |
---|---|
![]() Fjordlandskap på Sotra. Foto: Frode Inge Helland | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Midhordland |
Koordinatar | Koordinatar:
|
Areal | 264 km²
|
Høgaste punkt | Liatårnet (341 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestland |
Største busetnad | Ågotnes (1415 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 30 500 |
Folketettleik | 110 /km² |
Sotra er ei øy vest for Bergen i Øygarden kommune i Vestland. Ho er 246 km² stor og har om lag 30 500 innbyggjarar. På folkemunne femner ofte nemninga Sotra også om øyane Bildøyna og Litlesotra. I nord grensar Sotra til øyane Turøyna og Misje.
Tidlegare høyrde den nordlege delen av øya til Fjell kommune, medan den sørlege halvdelen av øya høyrde til Sund kommune. I samband med kommunereforma vart Fjell slegen saman med kommunane Sund og Øygarden til nye Øygarden kommune i 2020 og heile øya ligg no i ein kommune.
Ei dansk omskriving – Sartor – har tidlegare vore i bruk. Dette namnet vert i dag berre brukt av enkelte firma på Sotra (Sartor Storsenter, Sartor Maskin AS og Sartor Skytterlag).
Liatårnet er det høgaste fjellet på Sotra med ei høgd på 341 meter over havet. Eit anna fjell er Gardafjellet.
Sotra Sportsklubb sitt herrelag spelar i 2. divisjon avdeling 2 (2020).[1]
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 26-åring blir første kvinnelige hovedtrener i 2.-divisjon. NRK. Vitja 19. juni 2020