Soufiane el-Bakkali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Soufiane el-Bakkali

Soufiane El Bakkali Rio 2016c.jpg

Statsborgarskap Marokko
Fødd 7. januar 1996 (27 år)
Byen Fez
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2016, Afrikamesterskapet i friidrett 2014 – 3000 meter hinder menn, 2018 African Championships in Athletics – men's 3000 metres steeplechase, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 3000 meter hinder menn, Friidrett under Sommar-OL 2020 – 3000 meter hinder menn

Soufiane el-Bakkali (fødd 7. januar 1996) er ein hekkeløpar frå Marokko. Han vart olympisk meister på 3 000 meter hinder i 2021, tidlegare vann han VM-sølv i 2017 og VM-bronse i 2019.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

El-Bakkali stega inn i verdseliten på 3 000 meter hinder då han vart fjerdemann i øvinga under Sommar-OL 2016 med personbeste 8.14,3. Sommaren etter tok han sølvmedaljen ved verdsmeisterskapen i London. Vel tre veker etter VM-finalen forbetra han den personlege rekorden til 8.01,8 i Brussel. 20. juli 2018 gjorde el-Bakkali unna sitt livs kjappaste 3 000 m hinder, i Monaco vart han klokka i mål på 7.58,1. Han presterte 8.03,7 og årsbeste i VM-finalen, men enda på tredjeplass då han hadde lite å stille opp med i spurten mot kenyanaren Conseslus Kipruto og etiopiske Lamecha Girma.

Under Sommar-OL i Tokyo i juli 2021 var el-Bakkali suverent best på sisterunda og vann 3 000 meter hinder framom Girma, med Kenyas Benjamin Kigen på tredjeplass. Det var fyrste gong på 34 år at ikkje ein kenyansk løpar vann 3 000 m hinder i Fridretts-VM og i olympiske sommarleikar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]