Sound of Arisaig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Loch nan Uamh frå nedanfor Polnish

Sound of Arisaig i Lochaber i Skottland er ein fjord mellom Arisaighalvøya i nord og Moidarthalvøya i sør. Fjorden deler seg i to armar i botn, Loch nan Uamh nord for Ardnish, Loch Ailort mot sør. Det er fleire mindre øyar i fjorden og dei største er Eilean nan Gobhar og Samalaman Island, begge nær Glenuig på sørsida av fjorden.

Vegen A830, kalla Road to the Isles («Vegen til øyane») går langs austsida og nordsida av Loch Ailort- A861 går på sørsida av Loch Ailort og fjorden til Glenuig.

Prince's Cairn er staden der Charles Edward Stuart forlet Skottland etter det mislukka jakobittaropprøret i 1745.

Området er erklært eit særskild bevaringsområde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 56°51′0″N 5°50′56″W