Sounds of Silence
- Denne artikkelen handlar om albumet. For songen, sjå The Sounds of Silence.
Sounds of Silence Studioalbum av Simon and Garfunkel | ||
Utgjeve | 17. januar 1966 | |
Innspelt | mars 1964 , juni 1965 og desember 1965 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 29:09 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Bob Johnston | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Simon and Garfunkel-kronologi | ||
Wednesday Morning, 3 A.M. (1964) |
Sounds of Silence | Parsley, Sage, Rosemary and Thyme (1966)
|
Sounds of Silence er eit musikkalbum av Simon and Garfunkel, gjeven ut 17. januar 1966. Albumtittelen er berre litt annleis enn den første store hitten deira, «The Sounds of Silence», som vart gjeven ut på det førre albumet deira, Wednesday Morning, 3 A.M., og på filmmusikkalbumet til filmen The Graduate. Produsenten av den første, akustiske utgåva av songen la på elektrisk instrument og trommer med studiobandet til Bob Dylan den 15. juni 1965, og gav han ut som singel i september same året. Seinare vart denne nye utgåva gjeven ut på dette albumet. «Homeward Bound» vart gjeven ut på albumet i Storbritannia, men ikkje i USA. Mange av songane på albumet vart skrivne av Paul Simon medan han var i London i 1965. Fleire av desse songane var òg gjevne ut på soloalbumet hans The Paul Simon Songbook, som kom ut i august 1965 i England. Desse songane er «I Am a Rock», «Leaves That Are Green», «April Come She Will», «A Most Peculiar Man» og «Kathy's Song».
Innhald[endre | endre wikiteksten]
Alle songar er skrivne av Paul Simon, bortsett frå der andre er nemnde.
# | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «The Sounds of Silence» | 3:08 |
2. | «Leaves That Are Green» | 2:23 |
3. | «Blessed» | 3:16 |
4. | «Kathy's Song» | 3:21 |
5. | «Somewhere They Can't Find Me» | 2:37 |
6. | «Anji» (Davey Graham) | 2:17 |
7. | «Richard Cory» | 2:57 |
8. | «A Most Peculiar Man» | 2:34 |
9. | «April Come She Will» | 1:51 |
10. | «We've Got a Groovy Thing Goin'» | 2:00 |
11. | «I Am a Rock» | 2:50 |
Bonusspor på CD-utgåva | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
# | Tittel | Lengd | |||||||
12. | «Blues Run The Game» (Jackson C. Frank) | 2:55 | |||||||
13. | «Barbriallen» (trad.) | 4:06 | |||||||
14. | «Rose of Aberdeen» (trad.) | 2:02 | |||||||
15. | «Roving Gambler» (trad.) | 3:03 |
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Paul Simon: solovokal, gitar
- Art Garfunkel: solovokal
- Fred Carter, Jr.: Gitar
- Glen Campbell: Gitar
- Hal Blaine: Trommer
Sounds of Silence vart spelt inn i desember 1965 i CBS studios i Nashville i Tennessee og Los Angeles i California. Albumet vart produsert av Bob Johnston.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Sounds of Silence (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2010.
|