Sousse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sousse (arabisk سوسة Susa), 140 km sør for hovudstaden Tunis, ligg på Tunisia sin austkyst, og er det viktigaste knutepunktet i Tunisia for landtransport. Økonomien i byen er basert på transportutstyr, matvarer, olivenolje, tekstilar og turisme.

Byen har rundt 220 000 innbyggjarar (2005) og provinsen Sousse har 546 413 innbyggjarar (2004).

Medinaen i Sousse er ein uvanleg godt bevart gamal bydel, som blei verdsarvområde i 1988. Ein medina er ein bydel med tett murbebyggelse. Slike bydelar finst i fleire nordafrikanske land, som regel bygde under den muslimske ekspansjonen på 800-talet.

Medinaen i Sousse blei bygd under Aghlabiddynastiet, som herska i eit område som delvis tilsvarar det noverande Tunisia mellom 800 og 909. Byen var del av eit forsvarssystem langs middelshavskysten, og har framleis intakt ein kasbah, ein stormoské, vollar, ein Bu Ftata moské og medinaen.


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sousse